NØGD: Direktør Tore Thorsnes i Nav Sogn og Fjordane er nøgd med tala som syner at Sogn og Fjordane var blant fylka med det lågaste legemeldte sjukefråveret i tredje kvartal i år.

Sjukefråveret held seg lågt i Sogn og Fjordane

Sjukefråveret i Sogn og Fjordane 3. kvartal i år låg på 5,0 prosent

Publisert 20.12.2017 kl. 12.40. Oppdatert kl. 12.44.

Dette betyr at det legemeldte sjukefråveret i fylket ikkje har endra seg frå tredje kvartal i fjor til 3. kvartal i år. På landsbasis var sjukefråveret 5,4 prosent i perioden juli-september.


Tredje lågast

Sogn og Fjordane er blant fylka med lågaste sjukefråveret. Berre Oslo (4,5 prosent) og Rogaland (4,8 prosent) kom betre ut i tredje kvartal i år. Direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane seier seg godt nøgd med det låge sjukefråveret i fylket.


- Sogn og Fjordane har ei eldre befolkning enn landsgjennomsnittet, og eldre arbeidstakarar har høgare sjukefråver enn yngre. På denne bakgrunnen er det svært positivt at sjukefråveret i Sogn og Fjordane er såpass lågt, seier han.


Sjukefråveret blant kvinner i Sogn og Fjordane auka frå 6,0 prosent i tredje kvarta 2016 til 6,2 prosent i same tidsrom i år. Blant menn gjekk fråveret ned frå 4,2 til 4,0 prosent frå 2016 til 2017.


Lågast i Aurland

I tredje kvartal i år var Aurland kommunen med det lågaste sjukefråveret her i fylket. Der var det legemeldte fråveret 3,6 prosent, mot 3,0 i 2016. Aurland vart tett følgd av Jølster og Gloppen, som begge hadde sjukefråver på 3,9 prosent. Blant kommunane i Sogn var det Leikanger som hadde det høgaste sjukefråveret, med 6,4 prosent, mot 4,7 i 2016.


Slik var fråveret i dei andre kommunane i Midtre og Indre Sogn (tal i prosent, 2016-tala i parentes): Balestrand: 4,7 (3,8), Høyanger: 4,9 (4,9), Vik: 5,2 (5,9), Sogndal: 4,5 (4,3), Lærdal: 5,0 (4,5), Årdal: 4,1 (3,8) og Luster 5,1 (5,3)


Tala for tredje kvartal fortel at det er personar i aldersgruppene 16-19 og 50-54 år som har størst nedgang i sjukefråveret, med ein nedgang på høvesvis 19 og 12 prosent. Aldersgruppa 25-29 år har størst auke. For denne gruppa auka sjukefråveret med 15 prosent frå tredje kvartal 2016 til same periode i år.


Tala frå NAV fortel også at det er ein klar tendens til at sjukefråveret er lågast i dei yngste aldersgruppene og høgast hjå dei eldste.


Siste saker Gå til framsida