Sjåføren mangla kompetanse som yrkessjåfør

Publisert 02.03.2018 kl. 06.56.

Føraren av eit vogntog som vart kontrollert på Håbakken torsdag kveld vart meld til politiet, då han mangla yrkessjåførkompetanse.


Kontrollørane frå Statens vegvesen kontrollerte 12 av dei til saman 98 tunge køyretøya som var innom kontrollstasjonen mellom klokka 15.00 og 22.00 torsdag.


Tre av køyretøya vart ilagde bruksforbod, og eitt av desse vart avskilta. Det vart skrive ut mangellapp på fem køyretøy og ein sjåfør vart ilagd gebyr fordi det ikkje var vognkort i bilen.