VART MELD: Ein vogntogsjåfør vart meld til politiet fordi han ikkje svinga inn til kontrollen på Håbakken tysdag kveld. (Foto: Arkiv)

Sjåfør svinga ikkje inn til kontroll

Ein vogntogsjåfør er meld til politiet fordi han ikkje svinga inn til ein kontroll på Håbakken tysdag.

Publisert 03.01.2018 kl. 06.50. Oppdatert kl. 06.51.

Føraren fekk også eit gebyr for manglande kjetting i vogntoget.

Kontrollen skjedde mellom klokka 18.00 og 02.00 natt til onsdag. 93 Køyretøy vart vege og vurdert.

Eitt vogntog var overlasta, noko som gjorde atsjåføren måtte lasta om før vidare køyring. Det vart også eit overlastgebyr på føretaket. Sjåføren hadde ikkje med seg vognkort, så også her vanka det eit gebyr.







Siste saker Gå til framsida