Sjåfør mangla førarrett for hengar

Publisert 23.02.2018 kl. 06.15. Oppdatert kl. 06.19.

Til saman 59 køyretøy vart kontrollerte under ein mobil kontroll Statens vegvesen hadd på strekninga frå Fodnes til Flåm torsdag ettermiddag og kveld. Kontrollebb vara frå klokka 14.00 og fram til klokka 23.00.


Kontrollen avsløra at ein av sjåførane ikkje hadde førarrett til å køyra med hengar. Han fekk difor ikkje køyra vidare. I tillegg vart sjåføren meld til politiet grunna den manglande førarretten.


Eit av dei kontrollerte køyretøya vart avskilta på staden, då køyretøyet ikkje var forsikra. Pa eit anna køyretøy vart det oppdaga at lasta var dårleg sikra. Sjåføren fekk ikkje lov å køyra vidare før skikkeleg lastsikring var ordna.


I løpet av kontrollen vart det skrive ut to gebyr for manglande vognkort, eitt for manglande førarkort, samt eitt bilbeltegebyr. To køyretøy fekk mangellapp i kontrollen.


 


 


Siste saker Gå til framsida