STORSJEKK: 1.000 bilar vart sjekka under ein kontroll i Sogndal torsdag. (Illustrasjonsfoto)

Sjekka skilt på 1.000 personbilar

Statens vegvesen sjekka 1.000 bilar under ein kontroll i Sogndal torsdag ettermiddag/kveld.

Publisert 20.10.2017 kl. 06.15.

Kontrollen skjedde ved hjelp av eit sokalla ANPR-camera (Automatic number plate registration) som sjekkar om det er noko hefte ved skilta. To bilar vart avskilta under kontrollen.


Det vart gjennomført 351 beltekontrollar og skrive ut tre beltegebyr. To fekk gebyr for ikkje å ha hatt med seg førarkort, ein person vart meld fordi vedkomande ikkje hadde rett til å køyra bil.


Kontrollen var på riksveg 5 ved Valeberg, med stoppost ved museumet på Kaupanger, og ved Shell i Sogndal. Kontrollen varde frå 12:00 - 20:30 torsdag.

62 køyretøy var inne på kontrollplassen. Ni av desse fekk skriftlege manglar.


Siste saker Gå til framsida