FRISPARK I MÅL: Kaptein Tea Berteig skrudde eit frispark opp i lengste hjørne då Kaupanger vann 2-0 over Tromsdalen søndag. (Foto: Elin Hæreid)

Sjå scoringane som sende Kaupanger opp

Kaupanger vann 2-0 over Tromsdalen og sikra opprykket til 1. divisjon søndag.

Publisert 30.10.2017 kl. 09.39. Oppdatert kl. 10.06.

Over 600 tilskodarar hadde teke Kaupanger stadion for å støtta damene i den viktige kvalifiseringskampen om opprykk til 1. divisjon. Dei grønkledde skuffa ikkje og hadde full kontroll på gjestene frå Tromsdalen frå start til slutt. 


Toppscorar Miriam Vilnes Mjåseth sendte heimelaget i føringa etter 18 minutt. Kaupanger heldt fram finspelet etter kvilen. Etter ein times spel dobla heimelaget leiinga ved Tea Berteig. Kapteinen skrudde eit frispark opp i lengste hjørna frå om lag 22 meter. 


Sjå scoringane i videovindauga under:



 


Siste saker Gå til framsida