Hardtarbeidande Vik vann 2-1 over Årdal FK på Jotun stadion 16. mai. (Foto: Hanne Stedje)

Sjå scoringane då Vik tukta årdølene

Vikjene tok sin femte strake siger i 4. divisjon då erkerivalen Årdal vart slått i si eiga leikegrind 16. mai.

Publisert 17.05.2017 kl. 11.00. Oppdatert kl. 09.10.

- Me hadde ikkje i vår villaste fantasi sett føre oss at me skulle toppa tabellen med full pott etter fem kampar. Me sette oss ei målsetjing før sesongen om å halda oss i divisjonen og vart av mange tippa på nedre halvdel i år, seier spelande trenar Aleksander Valsvik etter den krutsterke 2-1 sigeren over erkerivalen Årdal FK på sjølvaste 16. ma


LES OGSÅ: ZIKKE ZIKKE heile vegen heim


Om 250 tilskodarar hadde teke turen til Jotun stadion denne kvelden. Dei fekk sjå at heimelaget tok leiinga etter 13 minutt ved heimelaget beste spelar, Nicolai Laberg.


Etter halvtimen svara Thomas Hjortland for gjestene med ei nesten identisk scoring. Etter kvilen jakta heimelaget scoring, men i staden var det gjestene ved Sivert Fjærestad Aase som fekk utteljing.


Dermed var den femte strake sigeren eit faktum då domar Skjerven blåste i fløyta etter 90 minutt.


Sjå scoringane her:



 


Les meir om: Sport Fotball Vik Årdal

Siste saker Gå til framsida