SCORA TO: Kaupangers Miriam Vilnes Mjåseth scora to mål i søndagens 3-0 siger over Klepp 2.

Sjå scoringane då Kaupanger tok tilbake tabelltoppen

Kaupangerdamene herja med Klepp 2 på Kaupanger stadion.

Publisert 01.10.2017 kl. 19.04.

Kaupanger vann 3-0 over Klepp sine nest beste søndag. Miriam Vilnes Mjåseth (2) og Karianne Kvam Gurvin scora måla. Sjå scoringane nederst i saka.


LES OGSÅ: Vill jubel då Karianne scora sitt første mål på fem år


Dermed klatra Kaupanger tilbake til toppen på tabellen, og det er duka for ein skikkeleg thrilleravslutning i 2. divisjon avdeling 4 når det står att to kampa å spela. 


Kaupanger har eitt poeng ned til Fyllingsdalen på 2. plass og to poeng ned til Haugar på fjerdeplass. 


Dei grønkledde skal møta beghe desse i dei to siste serierundane. Først ventar Haugar borte neste helg, og 15. oktober kjem Fyllingsdalen på besøk til Kaupanger.