MUSIKKVIDEO: Årdølen Toni Simon har laga musikkvideo til låten <> frå debut-EP-en som har fått namnet <>.

Sjå årdølen sin ferske musikkvideo

Toni Simon (26) frå Årdal er aktuell med EP-en «Just Me» som han sjølv har produsert gjennom sitt eige plateselskap.

Publisert 05.10.2017 kl. 08.38. Oppdatert kl. 08.46.

- Eg har alltid drøymt om å gje ut eigen musikk, seier 26-åringen, som er ute med to låtar på EP-en som har fått namnet «Just Me».


Sett meg fri

Årdølen, som er busett i Bergen, har også spelt inn musikkvideo til låten «Set Me Free». Ei sterk og personleg låt.


- Bodskapen i songen er at du aldri må gje opp sjølv om du hamnar i kjellaren og mørket byrjar å ta overhand. Du må berre krumma nakken og stå på, som far min seier.


Med seg på laget har 26-åringen Arve Isdal, gitarist i Enslaved, Audry Horne på bass og Thord Nordli frå Himmellegeme på trommer.


- «Set Me Free» er basert på eigne erfaringar frå ein vanskeleg periode i livet mitt. Teksten tok meg berre tjue minutt å skriva. Rett og slett fordi den er så ærleg.


Vil laga album

Og tilbakemeldingane har ikkje lete venta på seg.


- Eg har fått veldig mykje god respons. Videoen, som Bragi Productions står bak, er sett og delt mange gonger via Facebook og det er mange hyggje­lege kommentarar å lesa i kommentarfelta.


Målet er å gje ut eit heilt album med tida.


- Det er noko som står på bøkketlista mi. Det vil ta litt tid, men det skal kryssast av, slår han fast.



 


Musikkprodusent

Ein annan viktig årsak til at Simon no har teke steget med å gje ut eigne låtar, er for å bli betre kjend med korleis musikkindustrien fungerer i praksis.


- Det er jo musikkprodusent eg satsar på å bli, seier 26-åringen, som har starta opp Kråkeslottet lydstudio saman med to kollegaer.


- Eg ville gå gjennom heile prosessen med å gje ut musikk utan eit management i ryggen. Når eg skal produsere musikk for andre artistar og band i framtida, så veit eg korleis bransjen fungerer. Målet er å hjelpa nyetablerte musikarar.


- Gjer meg glad

Han legg ikkje skjul på at det er lange dagar å driva eit nystarta­ studio i tillegg til fast jobb ved Den Nationale Scene i Bergen.


- På dagtid er eg driftsassistent og elektrikar, og så set eg meg i produsentstolen om kvelden. Det som er tøft er ikkje nødvendigvis arbeidsmengda, men å finna balansen for å gje nok tid til det som faktisk er det viktigaste, nemleg kjærasten min, familie og vener.


- Eg reknar ikkje med på at eg skal tena så mykje pengar på dette. Eg gjer det fordi eg har interesse for det, og fordi det gjer meg glad. 


Les meir om: Nyhende Kultur Musikk Årdal

Siste saker Gå til framsida