Den gamle Loftesnesbrua vart bygd i 1958 og har vore eit landemerke i Sogndal, men no er den vekke. (Foto/redigering: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen)

Sjå korleis Loftesnesbrui blei riven

Den gamle Loftesnesbrua kom i 1958 og har vore eit landemerke i Sogndal, men no er den vekke. Sjå korleis enterprenørane plukka den frå kvarandre.

Publisert 03.01.2018 kl. 21.08.

Då trafikken var sett over på den nye Loftesnesbrui i Sogndal, starta riving av den nesten 60 år gamle brua attmed.


- Den gamle brua har vore eit landemerke i Sogndal, så det er nok mange som synst det er vemodig å sjå den forsvinna, men eg håpar at den nye brua vil bli like framtredande, seier Gunnar Solbakken, prosjektleiar i Statens vegvesen.


I vekene før jul vart den gamle brua på 210 meter plukka frå kvarandre, bit for bit. 


- Me har brukt lekter med store kraner på. Så har me har kappa ho i mindre bitar. Stålet som blir teke ut blir sendt til oppsamling - og går til stålverket i Mo i Rana der den blir smelta om til spikar. Betonget blir brukt til fylling i området rundt brua, seier Solbakken.



Den gamle brua hadde dårleg plass for mjuke trafikantar, og i januar 2016 starta arbeidet med den nye brua. Til den har det gått med 1.250 tonn stål, fem gonger så mykje som i den gamle, som inneheldt 232 tonn. 6.000 kubikk betong har gått med og i fjordbotnen er det slege ned 1.260 meter med stålpelar.


Estimert sluttpris for bruprosjektet er 400 millionar inkludert mva i 2017-kroner. Det inkluderer riving og all masseflytting og pynting som skal gjerast fram til sommaren. 


Les meir om: Nyhende Samferdsle Sogndal

Siste saker Gå til framsida