GJEKK OVER: Dei fem ungdomane som sat fast på ei hytte ved Østerbø fekk gå over raset og vart henta på andre sida. (Foto: Viljar Ådland)

Sit vêrfast på grunn av snøras og stengt veg

- Det er veldig dårleg vèr her, seier Terje Bekkedal som sit i bilen og ventar saman med den den vesle dotter si.

Publisert 11.02.2018 kl. 15.00. Oppdatert kl. 15.50.

Fylkesveg 50 Hol - Aurland er stengt og blir ikkje opna att i dag på grunn av uvèr, i tillegg er er det eit snøras som stengjer vegen ved Osabrekka slik at det heller ikkje er mogeleg å ta seg attende til Aurland.


Bekkedal har vore på hytta si ved Østerbø og skulle returnera attende til Aurland då vegen vart stengd.


Han sit i bilen, om lag 500 meter frå der raset har gått, og ventar i håp om at dei skal få opna vegen att.


- Det er store mengder snø så det må ein hjullaster til for å få lempa snøen vekk frå vegen, seier Bekkedal.


 


Ungdomar

Han kjenner også til at det sit fem ungdomar på ei hytte og ventar, pluss at det er ein folk i ein bil til som står og ventar.


Ungdomane fekk seinare gå over raset og vart henta på andre sida.


Bekkedal trur det er åtte til ti personar som no sit vêrfaste, men han veit ikkje korleis det eventuelt blir å ta seg attende til eiga hytte sidan vèret er så dårleg.


I følgje Statens vegvesen vert ikkje fylkesveg 50 opna att i dag, men dei som står fast har eit håp om at dei skal få returnera ned att til Aurland.


 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende