Sogn Avis viser alle treningskampane til Sogndal i vinter. (Arkivfoto)

Viser alle kampane i vinter

Sogn Avis viser alle oppkøyringskampane som blir spelt i Sognehallen fram mot sesongstart.

Publisert 11.01.2017 kl. 17.00.

- Me skal vera nummer éin på dekninga av Sogndal, og vil difor i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn senda laget sine treningskampar på heimebane i vinter, slik at lesarane våre får sjå korleis laget førebur seg til sesongen 2017, seier sportsjournalist Endre Romøren.


- Mange bryr seg om Sogndal og er interesserte i lagets førebuingar til sesong tre under Eirik Bakkes leiing. Det er mange spørsmål knytt til årets mannskap - korleis handterer dei at rutinerte Bolseth og Patronen er vekke, kjem Victor Grodås seg i gong att, held Ole Amund Sveen fram som ifjor, og korleis passar dei nye spelarane inn i laget, spør Romøren.


Årets første

Allereie førstkomande søndag kan ein få nokre svar. Då ventar årets første treningskamp når Førde kjem på besøk. 


- Det blir ein fin moglegheit for spelarane å visa seg fram og me legg opp til at alle får 45. minutt kvar, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.


Lang sesongoppkøyring

Sogndal starta oppkøyringa til årets sesong tysdag, og no ventar tre og ein halv månad med blodslit før første serierunde mot Sarpsborg 08 søndag 2. april.


Les også: Ferske fjes på feltet


 


Desse kampane kan du sjå direkte på våre nettsider:


Sogndal - Førde, søndag 15. januar.


Sogndal - Florø, laurdag 21. januar.


Sogndal - Kristiansund, søndag 29. januar.


Sogndal - Åsane, søndag 19. februar.


Siste saker Gå til framsida