KJEM "HEIM": Sprinttalentet Live Haugstad Hiltin (18) er halvt vikje, og skal delta på friidrettsstemne i Vik på laurdag.

Vikjastafetten for 67. gong

Det skal springast fort i Vik på laurdag.

Publisert 18.05.2017 kl. 08.56.

Vikjastafetten blir arrangert for 67. gong på Vik stadion komande laurdag. Vik stiller med seks lag i stafetten, i tillegg kjem det deltakarar frå Årdal, Førde, Jølster og Voss.


Det blir også friidrettsstemne på same arena, med deltakarklassar frå rekrutt til veteran. Éin av dei påmelde er Live Haugstad Hilton (biletet), som er mellom landets beste sprintarar og lengdehopparar.


Ho representerer Bergen Turn, men er halvt vikje og får såleis konkurrera på heimebane.


Les meir om: Sport Vik

Siste saker Gå til framsida