STRIPPA: Tarjei Vevle scora to då Vik banka Høyang 4-1 fredag, og valde å markera det med denne småfrekke feiringa. (Foto: Gunnar Kleven)

Vevle herja med Høyang då Vik scora fire

Begge Vik og Årdal FK kan ta helg med godt samvit etter fredagens seriekampar i 4. divisjon.

Publisert 11.08.2017 kl. 21.34.

Vik banka Høyang 4-1 i prestisjeoppgjeret på Vik stadion, i ein kamp som først tok fyr i det kampuret passerte 80 minutt.


Vikjene leia 1-0 til pause etter scoring av Tarjei Vevle, men først når ti minutt stod att av oppgjeret blei det samba i gamalostbygda.


Banas beste spelar Vevle stonga inn sitt andre for dagen til 2-0, Svein Erik Saglien gjorde det same til 3-0 då keeper Stig Roar Hovland leverte keeper-målgjevande, og like etter der igjen la Sondre Skjerven på til 4-0. På overtid reduserte Joakim Måren til 4-1 på straffespark.

GREI SKURING: Truls Hovland og Jonny Aspeseter Hagen putta begge då Årdal FK slo Eid 3-0 på Jotun stadion. (Foto: Elin Hæreid)

Perfekt vorspiel

I Årdal leverte Årdal FK det perfekte vorspielet til kveldens Målrock ved å slå Eid 3-0 på Jotun stadion.


Christian Stedje gjorde 1-0 etter kvarteret, Truls Hovland dobla like før timen var spelt, og på overtid sette Jonny Aspeseter Hagen inn dagens tredje for dei raudkledde.


Les meir om: Sport Fotball Vik Årdal

Siste saker Gå til framsida