FULL TRØKK: Bjørn Inge Utvik (21) la lite i mellom då han endeleg var attende på treningsfeltet med Sogndal denne veka. (Foto: Endre Romøren)

Utvik er i troppen: - Eit førebilete for alle

Bjørn Inge Utvik (21) kan endeleg vera attende i kamp for Sogndal i dagens bortemøte med Sandefjord.

Publisert 11.08.2017 kl. 16.05. Oppdatert kl. 18.13.

Midtstopparen er attende i kamptroppen for første gong sidan han braut ankelen i bortekampen mot gamleklubben Haugesund for over tre månader sidan.


- Eg føler meg klar. Kroppen responderer bra, og eg er så «fresh» at eg kan vera med. Å koma inn gruppa på kampdag att blir utruleg kjekt, seier Utvik til Sogn Avis.


Betre humør

Han har vore attende på feltet den siste veka, etter ein lengre opptreningsperiode med mange timar i treningsstudiom - samt ein del økter i kajakk, som han fortalde Sogn Avis om førre veke.


- Det er så sinnssjukt stor skilnad på det kontra det å vera i gymmen. Eg merkar det på humøret, at eg får ei heilt anna glede av å spela fotball i staden for å gå på treningssenteret to gonger om dagen. Det gjer godt, seier midtstopparen.


- Førebilete

Trenar Eirik Bakke, som har nytta seg av eit halvt lastebillass med midtstopparar i årets sesong, hyllar den jobben Utvik har gjort dei siste tre månadene.


- Bjørn Inge er eit førebilete for alle når det gjeld å koma seg attende frå skade. Han har jobba knallhardt desse månadene, og ser veldig bra ut. Difor er ikkje vegen til å få spela att så lang for han. Det er kjekt å ha han med att, og me høyrer det godt på feltet, humrar trenaren framfor kveldens kamp mot Sandefjord.


Sogn Avis har grunn til å tru at Sogndal startar med følgjande mannskap på Komplett Arena:


(3-4-3): Mathias Dyngeland - Per-Magnus Steiring, Kjetil Wæhler, Reiss Greenidge - Taijo Teniste, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Victor Grodås - Gilbert Koomson, Martin Ramsland, Eirik Schulze


Siste saker Gå til framsida