VANN: Syril vann kampen mot Fjøra 2/Sogndal 3 på Fosshaugane Campus måndag.

Tredje strake for Syril - sjå høgdepunkta

Syril står utan poengtap i årets sesong.

Publisert 15.05.2018 kl. 10.06.

Syril vann sesongens tredje siger av tre moglege då dei senka Fjøra 2/Sogndal 3 med 3-0 i 5. divisjon måndag.


Magnus Risnes Wolff gjorde 1-0 etter 19 minutt, medan Ole Morten Søderholm og Olav Henjum scora dei to siste det siste kvarteret av kampen.


Høgdepunkta frå kampen - filma og redigert av Kent Fimreite i Hallo Sogn - kan du sjå i videoruta under: