LEKK: Kjetil Wæhler og Sogndal måtte sjå tre ballar gå i eige nett i løpet av dei første 45 minuttane mot Mjøndalen. (Foto: Morten Sortland)

Tre strake tap: To mål på overtid då Sogndal rauk i siste sekund

Sogndal tapte 3-4 mot Mjøndalen.

Publisert 28.08.2018 kl. 18.05. Oppdatert kl. 20.56.

Sogndal fekk lite til å stemma dei første 18 minuttane av kampen, der det offensive spelet verka haltande og krampaktig.


Men plutseleg sa det pang på Campus: Eirik Schulze fann Sigurd Haugen med ein pasning inn i bana, toppscoraren tok med seg ballen fram til 16-meteren og sette kontrollert inn 1-0.


Gleda varte i om lag eitt minutt. Joackim Solberg Olsen slo ein lang ball i gjennom til Jonathan Lindseth, som sprang rett gjennom verdens største låvedør i Sogndal-forsvaret. 


Mathias Dyngeland stoppa det første skotet, men Jibril Bojang plukka opp returen og sette inn 1-1 i det tomme buret.


Dødball-baklengs og perlemål

Sogndal fekk tre dødballmål i mot i oppgjeret mot Florø i førre serierunde, og klarte ikkje å unngå det denne gongen heller.


Joackim Solberg Olsen slo ein corner hardt inn fra høgre etter 31 minutt, framfor mål knuste Sondre Johansen tre Sogndal-spelarar i lufta, og stanga inn 1-2.


Kort tid seinare tok Solberg Olsen hovudrolla. Venstrekanten fekk ballen på 25 meter, og banka den nådelaust i krysset til 1-3.


Så var det Sogndal sin tur til å svara direkte. Stanisa Mandic kom seg fri på høgre, skaut i stolpen, og på returen sette Lars Christian Kjemhus inn 2-3. 


Birkelund utlikna

Den første halvdelen av andre omgang skjedde det... ingenting - utanom at Kjetil Wæhler blei bytta med Nikita Baranov i pausen.


Etter 66 minutt kom den første tendensen, då Schulze fyrte av eit brukbart skot frå 25 meter. Like etter heldt gjestekeeper Sousha Makani på å rota det til då han hadde salo på hanskane på eit innlegg, men dei brunkledde fekk klarert før Sogndal kom på ballen.


Fem minutt før ordinær tid kom innbytar Akor Jerome Adams seg til ein god heading frå seks meter, men Makani var med på notane og fista ballen over tverrliggjaren.


Sogndal gjekk mot sitt tredje strake tap, men tre minutt på overtid sat utlikninga. Trond Olsen fyrte av garde eit prosjektil frå 30 meter, keeper gav retur, og der var Eirik Birkelund på plass og utlikna til 3-3.


 


Enorm bom - og mål feil veg

Like etter der breisida Schulze alle tiders sjanse over frå seks meter, og i kampens siste sekund blei Sogndal sine hjarte knuste:


Mjøndalen slo eit frispark inn i boks frå midtbana, framfor mål reiv innbytar Alfred Scriven seg fri og stanga inn 3-4.


Dermed har Sogndal tapt tre strake kampar i 1. divisjon, og håpet om direkte opprykk blir stadig svakare.