MÅLFEST: Eirik Schulze sette inn 2-0 for Sogndal fire minutt før pause, i det som blei ein målfest i dagens siger over Levanger. (Foto: Håvard Nesbø)

Ti strake kampar utan tap: Sogndal herja med Levanger

Vann 5-1 heime på Fosshaugane.

Publisert 05.08.2018 kl. 16.56. Oppdatert kl. 19.51.

Begge laga fekk kvar sin gode sjanse i opningsminuttane av kampen.


Den første gjekk til gjestene, då ballen landa på fem meter i etterdønningane frå ein corner. Levanger avslutta, men Akeem Latifu blokkerte forsøket.


Kort tid seinare dribla Lars Christian Kjemhus seg fri inne i boksen og skaut frå god posisjon, men krutet i høgresleggja hans var dyvått, og ballen gjekk to meter til side for mål.


18 minutt ut i kampen var Sogndal centimeter frå å ta leiinga. Sixten Jensen drog seg fint innover i bana og fyrte til frå 20 meter, ballen fekk ein fin dupp på veg mot metallramma, men diverre for heimelaget small den i tverrliggjaren bak Julian Faye Lund.


Haugen igjen

I det 27. minutt - etter å gradvis ha teke over meir av føringa i kampen - fekk Sogndal hol på byllen.


Kjemhus slo fint inn frå venstre, og framfor mål sprang Sigurd Haugen seg fri og heada inn sin niande scoring for sesongen til 1-0.


Seks minutt seinare fekk Sogndal nærkontakt med metallet på ny. Latifu slo inn, Haugen kom på eit møtande løp og heada mot mål, men denne gongen gjekk ballen på utsida av stolpen.


Schulze dobla

Sogndal hadde stålkontroll på det meste i denne fasen av kampen, og dobla leiinga fire minutt før pause.


Eit godt oppbygd angrep enda med at Haugen blei spelt fri ute til høgre inne i 16-meteren, han spelte på tvers framfor mål, der Eirik Schulze kom på eit klassisk indreløpar-løp og sklei inn 2-0.


Wæhler med nummer tre

Berre 40 sekund inn i andre omgang kom dagens tredje.


Kjemhus og Schulze tok ein kort corner, førstnemnde slo eit nytt godt innlegg, og midt framfor mål steig Kjetil Wæhler til vérs og heada inn 3-0.


I det kampuret viste 57. minutt var det berre eit guds mirakel som gjorde at Haugen ikkje scora sitt andre for dagen. Kjemhus slo nok ein gong perfekt inn frå venstre, Haugen kom i fullt firsprang og breisida ballen frå fire meter, men den gjekk via Faye Lund, i stolpen og attende i fanget på keeperen.


Kom likevel

Men det skulle ikkje gå lang tid før Haugen fekk den etterlengta andre-scoringa.


Kjemhus heada eit oppspel i gjennom til angriparen, han fekk ballen på halvspretten åleine med keeper, og dunka nådelaust inn 4-0 frå om lag 15 meter.


Fem minutt seinare reduserte Levanger med dagens vakraste scoring på Fosshaugane. Tadesse Zwedu fekk ballen på 25 meter, Sogndal var slappe i presset og midtbaneteknikaren skrudde vakkert inn 4-1 i det lengste krysset bak Mathias Dyngeland.


Men Adam var ikkje lenge i paradis. Kvarteret før slutt slo Latifu presist inn frå høgre, på bakre stolpe sprang innbytar Joachim Soltvedt seg fri, og breisida kontant 5-1 i nettmaskene.


Meir skjedde ikkje, dermed har Sogndal spelt ti strake kampar utan tap i 1. divisjon - der fasiten er åtte sigrar og to uavgjort i denne perioden.


Siste saker Gå til framsida