SVERIGE NESTE: Edin Øy (21) skal spela for den svenske 2. divisjonsklubben Ljungskile ut årets sesong. Årdølen tok avskjed med Sogndal-spelarane på dagens trening på Fosshaugane.

Svenskegliset: No er Øy klar for ny klubb

Edin Øy (21) er klar for den svenske 2. divisjonsklubben Ljungskile.

Publisert 12.08.2018 kl. 12.57.

Midtbanespelaren frå Årdal har terminert kontrakten med Sogndal, og går gratis til Uddevalla-klubben. Der har han skrive ein kontrakt som gjeld ut årets sesong. Øy vitja Ljungskile førre veke, og bestemte seg då at Sverige blir neste stopp.


- Dei verka som ein bra og profesjonell klubb. Eg trur dette kan vera bra for meg både som fotballspelar og person, då eg får ein heilt ny kvardag og startar med blanke ark, seier Øy, som tok avskjed med lagkameratane og støtteapparatet etter dagens trening på Fosshaugane.


21-åringen kom til Sogndal frå Årdal FK framfor 2015-sesongen, og fekk mykje speletid i oppkøyringa fram mot seriestart. Men så hamna han på sidelinja, og klarte ikkje å spela seg inn att i varmen. I 2016 og 2017 blei det utlån til Førde og Fana, medan årets sesong har vore prega av skadeproblem.


- Vil gjera godt

Trenar Eirik Bakke trur overgangen til Sverige kan gjera godt for Øy.


- Å få eit miljøskifte og nye omgjevnader vil gjera godt for Edin. Han har noko spesielt når det gjeld drivet med ballen, og eg håpar ikkje at dette er det siste me ser av han er på Fosshaugane. Men slik stoda er no er det sunt for han å få spela meir fotball og prøva noko nytt, seier Bakke.


Øy enda opp med å få fem innhopp for Sogndal i seriesamanheng.


 - Han har vore ute med skade eit halvt år, har nettopp komen tilbake og har hamna litt bak på i høve resten av gruppa. Slik har det vore dei siste åra, men no er han frisk, og imponerte Ljunkskile slik eg visste han ville gjera, seier Bakke.


Siste saker Gå til framsida