VANN PRIS: Ole Amund Sveen blei søndag tildelt årets MOT-pris i eliteserien.

Sveen fekk MOT-prisen: - Den heng utruleg høgt

Ole Amund Sveen blei søndag tildelt årets MOT-pris under NISO awards i Oslo.

Publisert 05.12.2017 kl. 08.23. Oppdatert kl. 09.33.

Kriteria for å vinna prisen er at den skal gå til ein spelar som er medviten i sin rolle som førebilete for born og unge, bryr seg om medspelarane sine og viser respekt for både domarar og motspelarar.


Det er spelarane sjølv frå eliteserien og Toppserien som stemmer, der Sveen vann på herresida, medan Ingrid Buer Søndenå frå Vålerenga fekk prisen for damene.


- Heng utruleg høgt

Sveen var ikkje til stades under utdelinga, men sende inn ein videohelsing via Sogndal Fotball der han takka for prisen.


- Tusen takk for at de har stemt meg fram til denne prisen, den heng utruleg høgt - spesielt når det er de spelarar som har stemt meg fram. Det har vore ein tung sesong med mykje skadar og operasjonar. Eg vil takka lagkameratane mine og heile fotballnoreg som har støtta meg i ein tøff skadeperiode, seier Sveen.


Han braut begge leggbeina mot Stabæk i andre serierunde, og spelte ikkje fleire kampar for Sogndal i årets sesong.


Nominert av klubben

Det er klubben sjølv som spelte Sveen inn som kandidat til prisen. Dei skriv følgjande i grunngjevinga:


- Ole fortener det. Han har hatt humøret oppe etter ein lang skadeperiode, bidreg veldig i gruppa sjølv om han ikkje er ute på bana, og inkluderer alle. Han er ein god mann som tek like godt vare på dei nye spelarane som dei gamle. I tillegg er han eit fint førebilete for dei unge og tek seg tid til ein liten prat med unge fotballspelarar som ser opp til han, og stiller opp på ting for klubben utan ei sur mine.


Siste saker Gå til framsida