KRETSMEISTER: Eirinn Teigen Volle, Ida Myhre Nornes, Lea Lefdal Jenssen, Ingrid Hagen, Lise Hollsten og Marthe Sjøvoll fekk måndag pokalen som prov på at Kaupanger 2 er kretsmeister i årets 3. divisjon. (Foto: Åse Neraas)

Står utan poengtap

Det er ikkje lett å bryna seg på andrelaget til Kaupanger i årets sesong.

Publisert 04.10.2017 kl. 20.10.

Måndag vann dei siger nummer 13 av 13 moglege i 3. divisjon då Høyang blei slått på heimebane, etter scoringar av Lea Lefdal Jenssen og Siv Hickman.


Laget er dermed suveren kretsmeister i divisjonen, og fekk tildelt pokalen frå NFF Sogn og Fjordane etter kampsplutt.


God miks

Mannskapet består av ein miks av unge spelarar, a-lagsspelarar og tidlegare spelarar frå førstelaget, og har soleis vore overlegne heile sesongen - der dei 13 sigrane har resultert i den brukbare målskilnaden 65-13.


- Laget har vore ein veldig god og viktig utviklingsarena for mange unge spelarar. I tillegg har laget ein stamme med meir erfarne spelarar som har vore viktig både for nivået og trivselen i gruppa, seier Åse Neraas i Kaupanger Fotball.


Les meir om: Sport Kaupanger fotball

Siste saker Gå til framsida