PRISDRYSS: Kaupanger Idrettslag gjorde seg bemerka under kretstinget til NFF Sogn og Fjordane. (F.v:) Øystein Lindesteg Rinde, Norman Henning Fimreite, Trine Lerum Hjellhaug, Drude Buene Hagen (Foto: privat)

Storeslem til Kaupanger

Kaupanger Idrettslag stakk av med heile seks utmerkingar under årets kretsting.

Publisert 26.11.2017 kl. 14.32.

Den gjævaste av dei alle gjekk til Norman Henning Fimreite, som fekk Kjosenprisen for sin utrettelege innsats.


Trine Lerum Hjellhaug fekk prisen som årets leiar, Øystein Lindesteg Rinde som årets trenar. Drude Buene Hagen, Morten Timberlid og Kjersti Dalaker fekk alle blått merkje for lang og tru teneste i klubben, og i fotballens namn.


Kjosenprisen

Norman Henning Fimreite debuterte i støtteapparatet til KIL i 2003. Han har ein av dei rollene som ikkje er så godt synlege sett utanfrå klubben. Leiar i KIL, Trine Lerum Hjellhaug seier det er fullt fortent at eldsjeler som Norman blir verdsett slik.


- Norman har no 15 år i klubben vår. Jobben han har gjort, utgjer fleire årsverk. Med 150 treningar kvart år og om lag 450 kampar, kjem ein opp i over heile seks tusen timar med den jobben han gjer både før og etter trening og kamp. Det er ei enorm mengd med timar. Utruleg kjekt ikkje berre for Norman sjølv, men for heile klubben. Ein må hugsa på at jobben han gjer er den ein ofte ikkje ser. Eg vart ikkje overraska i det heile når han fekk utmerkinga. Det gjer noko med oss alle. Me er stolte over og ha ein slik person med oss. Me hadde absolutt merka det om me ikkje hadde ein som han. Så det er utruleg flott og absolutt fortent.


Audmjuk

Om det ikkje kom som ei overrasking på leiaren var det motsett med Fimreite sjølv.


- Det var veldig kjekt, og særs overraskande. Det er jo ting ein ikkje går og tenkjer over til dagleg. Ei slik utmerking syner jo at ein har gjort noko rett, at jobben ein gjer "i det skjulte" blir lagt merke til. Det gjev meg motivasjon til og fortsetja vidare. Eg har jo alltid vore over snittet interessert i sport og spesielt fotball. Men der det har skorta på kompetanse på bana, har eg prøvd å bidrege so godt so eg kan utanfor. Så eg er audmjuk over og ta imot ei slik utmerking, det er nok høgdepunktet i mi karriere, seier Fimreite.


Stolt

KIL sin damelagtrenar Øystein Lindesteg Rinde har hatt suksess med laget som no skal spela i første divisjon. Slikt går ikkje umerka føre seg. Han tok imot prisen som årets trenar, men han deler prisen med heile laget og apparatet rundt han.


- Dette har vore eit personleg mål for meg. Eg er stolt over denne prisen. Det er kjekt for klubben og for damefotballen i fylket. Hardt arbeid over tid løner seg. Eg hadde ein god magefølelse i framkant. Med resultata laget har prestert så låg det kanskje litt i korta at det gjekk denne vegen, men ein veit jo aldri. Eg må få hylla og takka spelarane og gjengen rundt laget, for gode resultat og prestasjonar. Det er mykje av grunnen til at eg fekk prisen. Me fekk fleire prisar i klubben. Eit prov på at me driv riktig og godt, noko som sertifiseringa me fekk som kvalitetsklubb frå NFF. Men stor stas at Norman fekk si utmerking, ein fantastisk mann, og veldig fortent.


Motivasjon

Det blir jobba målbevisst og uttretteleg i KIL. Lerum Hjellhaug trekkjer fram dugnadsarbeidet og eldsjelene som det viktige fundamentet.


- Me har over år bygd opp ein god kultur i klubben. Spesielt kring jente- og damefotballen. Men me må ikkje gløyma at herrane også har rykt opp denne sesongen. Det er viktig for bygda og stoltheiten vår. Prisen som årets leiar går ikkje berre til meg. Men ein heil klubb. Som leiar handlar det om å gjera andre gode. Me har mange flinke og gode personar i klubben som står på heile vegen. Utan dei hadde det ikkje vorte noko. Det er ein imponerande innsats av fleire. At me får til ting motiverer meg, det er kjekt og bidra for bygda. Det er eg ikkje åleine om å meina.


Utfordringar

Sjølv om KIL fekk mykje merksemd under prisutdelinga så står også klubben til liks med andre klubbar ovanfor større utfordringar i framtida.


- Me er ikkje større enn me er. Det gror relativt godt i yngre klassar, men det er ei utfordring med mindre barnekull som kjem opp no. Då er det viktig å leggja til rette best mogleg for å halda på unge spelarar. Dette er noko me har fokus på, og er ein viktig del av jobben i klubbleiinga. Det er viktig at alle har det bra, fotball skal vera moro for alle.


Siste saker Gå til framsida