SUNT OG GODT: Sogndal Fotball skal vera ambassadør for Eat Move Sleep i 2017. Her er klubbens representant Ørjan Hjellhaug saman med sponsorsjef i BAMA, Odd-Bjørn Hjelmeset og kommersiell direktør i NFF, Erik Loe. (Foto: Thomas Brække Sæteren, NFF)

Sogndal vald ut til å vera ambassadør

Sogndal er vald ut blant 35 klubbar i landet til å vera ambassadør for Eat Move Sleep i 2017.

Publisert 17.02.2017 kl. 10.57.

Dette er eit konsept frå Norges Fotballforbund (NFF) og BAMA, i samarbeid med EAT Foundation.


Eat Move Sleep har samla dei tre elementa, og vil gjera at informasjon blir lettare tilgjengeleg, og samtidig inspirera folk til å gjera betre kosthaldsval, samt vera meir aktive fysisk og få betre søvnvanar.


- Idéen med å involvera fotballklubbar er at dei deler kunnskap som klubbens spelarar, medlemmar og støttespelarar kan dra nytte av. Det gjeld også på utanom idrettsfeltet, som på skulen, jobb og fritid, der ein på same måte treng overskot, konsentrasjon og godt humør, skriv NFF i ei pressemelding.


To i fylket

No er Sogndal saman med Tambarskjelvar vald ut til å vera Sogn og Fjordane sine ambassadørar for konseptet det komande året.


- Sunn livsstil hos born og unge er éin av fleire ting dei utvalde klubbane kjem til å fokusera på. Som det største særforbundet i Noreg er det viktig for NFF å inspirera og informera aktive, foreldre og frivillige, som er involvert i fotballen, til å gjera sunnare val både på og utanfor bana. Med over 375 000 aktive aktørar har NFF eit samfunnsansvar for å bidra til å betra folkehelsa. Dette gjer forbundet mellom anna i form av den fantastiske fotballaktiviteten som våre klubbar legg til rette for born og unge, heiter det i pressemeldinga.


Spreier bodskapen

I samband med å velja ut årets ambassadørar har det blitt lagt vekt på kva klubbane aktivt kan gjera hos seg sjølv for å spreie bodskapen.


- NFF er imponert over innsatsen som Tambarskjelvar og Sogndal Fotball har gjort for å formidla Eat Move Sleep-bodskapen til spelarar, foreldre og nærmiljø, seier generalsekretær i NFF, Pål Bjerketvedt.


Han seier vidare at dei to klubbane har jobba solid og engasjerande for konseptet i 2016, og at han gler seg til å følgja klubbanes vidare utvikling.


- Det er ei sjølvfølgje at Tambarskjelvar og Sogndal Fotball skal vera med når me no byggjer ut konseptet. Dette for at fleire skal sjå det verdifulle i sunn mat, rørsle og nok søvn, seier han.


Cupar

Dei to klubbane skal arrangera Eat Move Sleep-fotballcupar i år.


Der vil det i tillegg til kampane bli opplæring for spelarar og foreldre om kor viktig det er å ha eit sunt og godt kosthald, nok fysisk aktivitet og god søvn, skriv NFF i pressemeldinga.


Siste saker Gå til framsida