ANNULLERT: Sogndal hadde ballen i nettet like før pause, men fekk scoringa annullert. Tromsø vann til slutt kampen 2-0. (Foto: Elin Hæreid)

Sogndal tapte mot Tromsø - no er håpet å få kvalifisering

Sogndal hadde to baller i metallet då dei tapte 0-2 mot Tromsø søndag.

Publisert 05.11.2017 kl. 17.30. Oppdatert kl. 21.58.

Lite skjedde framfor dei to måla den første halvtimen av lagnadskampen, men i det kampuret tok turen inn i det 31. minutt fekk Sogndal ein megasjanse av dei ytterst sjeldne.


Reiss Greenidge stussa eit kast bakover, og frå fire meter skulle Bendik Bye berre banka kula i mål - men trønderen sette kula rett opp i tverrliggjaren. Martin Ramsland fekk hovudet på returen og stanga ballen hardt mot same hjørna, denne gongen fekk Tromsø-keeper Gudmund Kongshavn på mirakuløst vis opp den eine labben, og klarte å få ballen vekk.


Smell

Så skjedde det som ofte skjer i fotballen, det small andre vegen. Tromsø spelte seg opp på venstresida, Gjermund Åsen fekk god tid til å sikta seg inn, og slo ein perfekt pasning inn i boksen til Thomas Lehne Olsen.


Frå 12 meter var han sikker på labben, og breisida 0-1 nede ved den lengste stolperota til Mathias Dyngeland.


Minuttet før pause trudde Sogndal i eit halvt sekund at dei hadde utlikna då Ramsland pirka ballen i mål etter ein Greenidge-duell, men engelskmannen fekk frispark imot seg - noko trenar Eirik Bakke ikkje var spesielt samd med domar Tore Hansen i.


Annullert

Like etter pause var Greenidge i fokus igjen, denne gongen heada han vakkert ballen i lengste kryss, men fekk scoringa annullert for offside.


Så var det gjestene sin tur til å brenna ein enorm sjanse. Etter fint spel på venstresida og opprulling innover i bana blei plutseleg Mikael Norø Ingebrigtsen ståande heilt åleine på bakre stolpe. Han hadde god tid til å sikta, men breisida ballen meteren til side for Dyngeland sitt mål.


Fire minutt etter der smakte Sogndal metall på nytt. Kongshavn rakk ikkje opp på ein corner, det gjorde Kjetil Wæhler, men 41-åringen heada ballen i tverrliggjaren og over.


Kort tid etter der igjen kom endå ein megasjanse: Taijo Teniste slo eit perfekt innlegg frå høgre, Greenidge gjekk opp åleine inne på fire meter, men heada diverre ballen utanfor lengste kryss.


0-2...

Så skjedde det på nytt. Tromsø var på ein sjeldan visitt framover, og fekk corner. Den blei klarert, ballen blei banka flatt inn att i boksen, og frå fem meter revansjerte Norø Ingebrigtsen seg, og sette inn 0-2.


Sogndal klarte ikkje å slå tilbake i andre halvdel av andre omgang, og dermed er laget seks poeng bak Tromsø i det to serierundar står att. Det betyr at kvalifisering er det beste sogndølene kan håpa på i årets sesong.


Siste saker Gå til framsida