FULL FYR: Det blei dramatiske scener etter kampslutt då Eirik Bakke hamna i handgemeng med fleire i Ranheim-leiren. (Foto: Endre Romøren)

Rasande Bakke måtte haldast tilbake: - Makan til mangel på folkeskikk har eg aldri vore borti

Eirik Bakke gjekk til frontalangrep på Ranheim etter at Sogndal rykte ned til 1. divisjon på dramatisk vis laurdag kveld.

Publisert 02.12.2017 kl. 21.55. Oppdatert kl. 22.17.

Like etter at straffekonken var over og nedrykket var eit faktum tok det full fyr ute på bana: Ein rasande Bakke hamna i klinsj med Ranheim-spelar Kristoffer Løkberg, og måtte haldast tilbake av klubbens fysiske trenar Knut Ripe.


- Løkberg kom opp i ansiktet på meg og skreiv rævafotball. Det er så utruleg dårleg respekt. Dette er det verste eg har vore med på hjå eit fotballag. Måten dei oppfører seg mot oss etterpå er skremmande, seier Bakke i mixed zone etter kampen, og fortel at det var langt meir enn Løkberg han var sint for.


- Trenarar, spelarar og unge folk skrik til meg og dei andre heile kampen. Dei må få seg folkeskikk. Eg veit ikkje om dei har det her i Trøndelag, men dei må få det. Det er det verste eg har vore borti. Flautt, og det skal dei verkeleg få høyra. Skal dei opp i eliteserien må dei opp i eliteserien på oppførsel óg, seier Bakke, og legg til:


- Eg må tola at dei vann, men dei kjem fort ned att.


- Kom deg vekk!

Bakke sa dette til eit samla pressekorps etter kampen. Men det stoppa ikkje der. Då han snakka med Sogn Avis nokre minutt etterpå kom Løkberg bort for å be om orsaking. Det fungerte lite godt.


- Kom deg vekk. Lær å oppfør deg. Skal du opp i eliteserien må du oppføra deg deretter. Du kan ikkje koma og ropa slikt etter meg etter kampen. Du skreik rævafotball til meg, Kristoffer, sa Bakke til Løkberg, medan ein representant frå Ranheim sa at han orsaka på vegner av klubben.


Deretter heldt han fram med å forklara kvifor dette tende elden i han:


- Løkberg skrik rævafotball, men det er ein grunn til at me må spela på denne måten. Me har mykje skadar, men kjempar på og står i det. Å da få slikt etter ein slik kamp. Makan til mangel på folkeskikk har eg aldri vore borti, seier Bakke, og legg til:


- Ingen av karane på Ranheim ville vore i nærleiken av å koma inn i garderoben min. Den gjengen eg har er folk som verkeleg står opp, og som ikkje omtalar andre lag på ein slik måte. Dei er fine gutar, i motsetnad til desse, som viser null respekt. 


Skal få beskjed

Når han seier at Ranheim skal få høyra det vil det skje ganske kjapt:


- Eg skal på trenarkurs med Svein Maalen, så då skal han få høyra at dette er totalt uakseptabelt. Du kan ikkje skrika opp i ansikta på folk. Så skal eg beherska meg eg óg, men når eg får slikt renn begeret over, seier Bakke.


- Eg skulle likt å ønskt Ranheim lukke til, men det greier eg ikkje i dag.


Slaktar forbundet

Sogndal rauk til slutt med knappast mogleg margin - eit straffespark - men sleit tungt i samtlege 120 minutt før dette også. Ranheim styrte det aller meste, og hadde fleire feite sjansar i tillegg til den scoringa dei fekk - på straffe fire minutt før slutt.


At det blei så stor skilnad på laga meiner Bakke handlar mykje om kampoppsettet.


- Me har spelt tre kampar på seks dagar, medan Ranheim har tre på 16. Oppsettet er slik at dei vil at eliteserielaget skal slita. Det såg me i dag óg. Så det er berre å retta ein takk til fotballforbundet for at dei set det opp slik, seier Bakke.


- Me visste det ville bli tøffe kampar. At me har spelt tre på seks dagar såg du i spelet vårt. Me blei utruleg låge, og får ikkje satt noko spel. Spelarane har stått i det desse dagane, og me rauk på små marginar til slutt. Det er tungt.


- Skandale

Sogndal såg til slutt ut til å ri av stormen, men fire minutt før slutt blei det altså straffe til heimelaget etter at ein heimespelar gjekk i bakken etter ein duell inne i 16-meteren.


- Me blei vekkdømd igjen. Det er skandale å dømma straffe på slikt i ein så viktig kamp, seier Bakke.


- Må attende til oss sjølv

Dermed enda det med nedrykk i Bakkes tredje sesong som Sogndal-trenar.


Årsakene til det er mange, meiner han.


- Me har måtte kjempa frå helg til helg for å få resultat grunna skadar og mange nye spelarar inn. Det har vore ein utruleg utfordrande sesong. Det såg du i spelet vårt i dag. Me greier ikkje ta vare på ball, gjev den vekk enkelt og har ikkje noko offensivt spel. Me har lyst til å pressa opp, men klarar det ikkje. Så ser me óg at me måtte hatt 37 poeng for å få sikker plass. Det ville vore tøft uansett, seier Bakke.


Vegen vidare omtalar han slik:


- Me må finna oss sjølv att, og få fram det beste frå i fjor og året før, i staden for å kjempa for å overleva kvar helg. Eg er nøydd til å summa meg litt etter dette, seier Bakke før han går ut i spelarbussen utanfor stadion - for siste gong som eliteserietrenar i denne omgang.


 


Siste saker Gå til framsida