NÆRE: Berre ein kjemperedning frå Arnold Origi stoppa Martin Ramsland frå å senda Sogndal i føringa mot Lillestrøm. Det blei til slutt 0-1 tap. (Foto: Rune Sjøberg)

Sogndal rota det til og tapte i siste minutt

Frode Kippe blei tunga på vektskåla og senka Sogndal i kampens siste minutt på Åråsen.

Publisert 15.10.2017 kl. 16.58. Oppdatert kl. 19.53.

Den første omgangen på Romerike var lenge av den sorten som ikkje rekrutterer nye tilhengjarar til sporten fotball. Tempoet var lågt, pasningane sat ikkje, og dei få innleggsforsøka som kom - stort sett frå heimelaget - enda oftast opp hjå bortefansen bak målet.


Men i det kampuret bikka 40 minutt på Åråsen byrja endeleg ting å skje. Erling Knudtzon sette fart inn i Sogndal-boksen og skaut frå sju meter, men blei stoppa av ein god blokkering frå Eirik Birkelund - som vikarierte på backen for dagen.


Ramsland nære

Så kom omgangens klart største sjanse, og einaste, store sjanse. Martin Ramsland blei spelt fri i bakrom og kom åleine med Arnold Origi frå skrå vinkel.


Mats Haakenstad blokkerte skotet frå spissen, men ballen fekk ein merkeleg skru og var på veg i mål, fram til Origi på meisterleg vis fekk keeperhansken på ballen og reinska den vekk frå streken.


Elles skjedde det som sagt svært lite, der omgangen mest var prega av kanarifansen sin misnøye mot dommar Svein Oddvar Moen etter nokre avgjerder som gjekk Sogndal sin veg.


Siste minutt

I andre omgang skjedde det ingenting i ein andre omgang som må få stempelet nitrist, fram til kampuret passerte 90 minutt.


Sogndal klarte ikkje å få klarert ballen etter ein corner, Chigozie Udoji slo ballen inn i feltet, der Kippe var sterkast og fekk kjempa ballen i nettet til ellevill jubel frå heimepublikum.


Heldigvis for Sogndal tapte både Tromsø og Aalesund også i helga, slik at avstanden til nedrykksstreken forblir den same.


Siste saker Gå til framsida