1. DIVISJON: Martin Ramsland og Sogndal serieopnar på bortebane mot Aalesund i 1. divisjon komande sesong. (Foto: Håvard Nesbø)

Sogndal opnar mot Aalesund - møter ikkje Florø 16. mai

Terminlista for 1. divisjon 2018 er klar.

Publisert 20.12.2017 kl. 12.07. Oppdatert kl. 12.17.

Der går det fram at Sogndal serieopnar på bortebane mot Aalesund - som til likskap med sogndølene rykte ned frå eliteserien i årets sesong - tysdag 3. april.


Den første heimekampen blir fem dagar seinare, mot Tromsdalen. Deretter ventar Mjøndalen (borte), Kongsvinger (heime) og Notodden (borte.)


Heile terminlista kan du sjå her.


Ikkje Florø

På fotballens nasjonaldag 16. mai var det venta at Sogndal skulle møta fylkeskollega Florø, men slik blei det ikkje.


I staden skal Eirik Bakke sine menn spela mot Åsane på Fosshaugane denne dagen, medan Florø møter Nest-Sotra heime i kystbyen.


Det første møtet mellom Sogndal og Florø kjem først i runde 15, når dei skal kjempa om poenga på Florø stadion søndag 1. juli. Kamp to i Sogn mot Sunnfjord er terminfesta til 19. august. Dette tidspunktet kan bli endra i samband med sendetid på fjernsyn.


1. divisjon har tre veker sommarpause i juli, og siste serierunde blir spelt 11. november. Då skal Sogndal møta Notodden på heimebane.


Siste saker Gå til framsida