STAO NO PAO: Sogndal Fotball har lansert sin eigen kondom, som blir delt ut gratis i desse tider. (Foto: Endre Romøren)

Sogndal Fotball lanserte eige kondom: Stao no pao

No kan to lidenskapar kombinerast på same tid.

Publisert 19.05.2017 kl. 09.04. Oppdatert kl. 13.24.

Sogndal Fotball har som første eliteserieklubb i Noreg lansert sin eigen kondom. Den kjem i svart innpakning og har Sogndal-logoen og klubbens velkjende slagord "stao no pao" på pakken.


Vil nå studentane

Kondomet er eit marknadsstunt for å skapa større merksemd rundt klubben blant studentane i bygda.


- Studentane er ei gruppe me vil nå ut til. Fram til no har ikkje dei vore så aktive, difor ønskjer me å skapa blest, og få dei til å sperra opp augo for Sogndal og klubben. Så då tenkte me, kvifor ikkje gjera det med kondomar, seier kommunikasjonsansvarleg Hilde Østbø til Sogn Avis.


Klubben sette opp ei stand i kantina på høgskulen, der studentane kunne forsyne seg gratis av produktet.


- Dette er for å få kontakt. Det er mykje impulsar frå alle moglege media i desse tider, så då må me gjera det me kan for å treffa dei ulike segmenta. Med valde å setja på stao no pao-logoen då dette er eit uttrykk studentane blir fort kjende med når dei kjem til bygda, seier Østbø.


Ikkje for sal

Kampanjen har blitt godt motteke.


- Studentane har spreidd bodskapen på sosiale media, og kome med positive tilbakemeldingar på at dette var kreativt og gøyalt. Dette er ein av dei betre kampanjane me har hatt, seier Østbø.


Det er ingen planar om å setja kondomet i større produksjon for å prøva å tena peng på produktet.


- Nei, me har ikkje gått ut kommersielt med dette. Det er for å skapa blest rundt kampane mot Viking og Brann, og for å få tak i studentmassen, seier Østbø.


- Er det ein frekk dobbel betydning i at det står stao no pao på pakken?


- Det er mange måtar å tolka det på.


Ronaldinho

Sogn Avis har gjort eit forsøk på research, og førebels ikkje funne andre klubbar som har hatt eigne kondomar, verken her i Noreg eller utanlands.


Men noko liknande blei gjort i Brasil i 2013, med superstjerna Ronaldinho som frontfigur. I samarbeid med FN blei klubben Atletico Mineiro med på å fronta ein kampanje for kondomar i det sør-amerikanske landet.


Logoen til klubben blei trykt på kondompakkane, som i tillegg blei pryda med signaturen til Ronaldinho.


- Folkens, eit kondom med min signatur er endeleg komen på marknaden, i samarbeid med "sports against AIDS", skreiv Ronaldinho på sin Facebook-profil då lanseringa var klar.


Siste saker Gå til framsida