OVERKØYRING: Sogndal hadde lite å stilla opp med etter pause mot Strømsgodset, og tapte til slutt 1-4.

Sogndal fekk grisebank og ramla ned på kvalikplass

Det kunne ikkje gått stort verre for Sogndal mot Strømsgodset. Til slutt blei det tap 1-4.

Publisert 29.10.2017 kl. 17.12. Oppdatert kl. 21.42.

Kvarteret var spelt då Bendik Bye sørgde for ei overraskande leiing for bortelaget. Heimekeeper Espen Bugge Pettersen surra det til med ballen i beina, og beina kula rett til Stanisa Mandic ute på venstrekanten.


Han slo fram til Bendik Bye på 17 meter, spissen venta til han fekk Jakob Glesnes på feil fot, før han kontant sendte ballen i mål med eit velplassert skot til høgre for Bugge Pettersen.


Hovland rota det til

Men det kunne sett anleis ut tidleg. Før minuttet var spelt serverte Even Hovland ballen til Tocmac Nguen midt inne på eigen halvdel, slik at teknikaren kom åleine med Mathias Dyngeland.


Heldigvis for Sogndal og Hovland var chippen frå Nguen upresis, slik at ballen gjekk utanfor. Mykje dreia seg om heimelaget etter at Bye gjorde 1-0, og etter 26 minutt heldt dei på å utlikna: Eirik Ulland Andersen slo eit frispark presist inn framfor mål, men frå seks meter heada Marius Høibråten ballen rett på Dyngeland.


I det 42. minutt var det på ny nære: Jonathan Parr serverte fint inn framfor mål, men verken Marcus Pedersen eller Bassel Jradi klarte å få beina på ballen.


Men det skulle ikkje halda, og igjen kom Hovland i negativt fokus. Minuttet før pause skulle han berre klarera eit svakt innlegg, men enda i staden opp med å sleiva ballen rett til Francisco Junior på 16-meterstreken. Han gjorde ingen feil, og sette trygt inn utlikninga i Dyngeland sitt venstre hjørna.


Spaserte i gjennom

Like etter pause heldt Ulland Andersen på å stanga inn 2-1, før Ole Martin Rindarøy skaut meteren utanfor på eit brukbart volleyforsøk.


Men i det timen var spelt skjedde det som måtte skje. Jradi spelte vegg med Nguen, og trass i at Sogndal stilte med tre midtstopparar fekk han spasera rett igjennom, ta imot pasningen og enkelt breisida inn leiarmålet.


Kort tid etter der igjen stod det 3-1 på resultattavla, og det kom ikkje som julekvelden på kjerringa at dette skjedde etter dødball. Marcus Pedersen møtte corneren frå høgre på første stolpe, og stanga upressa ballen i mål.


Dette var fjerde kamp på rad Sogndal fekk baklengsmål på dødball.


Leikestove

Deretter gjekk kampen inn i kvilemodus, før Godset bestemte seg for å gjera målskilnaden til Sogndal endå verre.


Nguen sprang seg fri på høgresida, sendte vidare til Jradi, han vendte seg enkelt fri frå to Sogndal-spelarar, og trilla 4-1 i nettet.


Ned på kvalik

På same tid vann Tromsø 3-0 over Viking, noko som betyr at Eirik Bakke sine menn ramla ned på kvalifiseringsplassen i eliteserien.


Tremålstap for Sogndal kombinert med tremålssiger for Tromsø betyr på same tid at den seks mål betre målskilnaden sogndølene hadde i høve tromsøværingane før kampen blei viska vekk.


Med andre ord, søndagen kunne ikkje gått så mykje verre for Sogndal sin del.


Siste saker Gå til framsida