TUNGT: Espen Næss Lund og Sogndal fekk ei stri tørn på jobben då det blei 0-3 tap mot Rosenborg i laurdagens kamp.

Sogndal brende feite sjansar - blei straffa knallhardt

Sogndal fekk ein blytung avslutning på vårsesongen då dei tapte 0-3 mot Rosenborg på Fosshaugane laurdag ettermiddag.

Publisert 15.07.2017 kl. 14.44. Oppdatert kl. 20.58.

Rosenborg tok leiinga halvtimen ut i kampen, då Milan Jevtovic fekk ballen på 18 meter, verken Lars Christian Kjemhus eller Per-Magnus Steiring klarte å koma opp i press, og då small det.


Serbaren fekk tid til å lada venstresleggja, og dunka ballen presist i nettet heilt borte ved lengste stolpe.


Sjansefattig

Før dette skjedde det lite i kampen, der spesielt dei første 20 minuttane gjekk føre seg i godt fellesferie-tempo. Første gongen eitt av laga var nære var etter 24 minutt, då Mathias Dyngeland måtte ut i full strekk på eit Mike Jensen-innlegg som heldt på å selga inn i krysset.


Sogndal sleit med å få nok tempo på sitt angrepsspel, og kom seg berre til nokre Taijo Teniste-innlegg frå høgre i denne perioden. Laget fekk sin einaste sjanse før pause halvtimen ut i kampen, då Eirik Schulze og Per-Magnus Steiring begge prøvde seg frå kort hald etter eit Teniste-innkast. Men Rosenborg blokkerte det første forsøket, før Steiring sette ballen til side for mål.


Resten av omgangen skjedde det igjen lite, då Rosenborg var nøgde med å forsvara seg og halda på ballen for å senka tempoet i kampen.


Midtsjø dobla

Etter pause tok Rosenborg kommandoen umiddelbart, og berre eit lite mirakel hindra trønderane frå å dobla leiinga fem minutt inn i omgangen.


Jensen dribla seg frå inne i 16-meteren, og serverte ballen på sølvfat til innbytar Elbasan Rashani på fem (5) meter. Han hadde heile målet å sikta på, men sette ballen rett i fanget på Dyngeland.


Rashani skulle likevel revansjera seg kjapt. Seks minutt seinare blei vingen spelt fint fri av Nicklas Bendter inne i 16-meteren. Rashani såg opp, spelte vidare på direkten til Fredrik Midtsjø, som "tima" løpet sitt inn i boksen til perfeksjon før han kontrollert sette 0-2 i nettet.


Birkelund i stolpen

Halvveges ut i omgangen var ikkje marginane på Sogndal si side då laget såg ut til skapa spenning i kampen att.


Gilbert Koomson kom seg fri ned til høgre i 16-meteren, og spelte ut til Birkelund som stod plassert omtrent på same stad som Midtsjø før den andre scoringa. Birkelund gjorde som sin midtbanekollega og avslutta med breisida frå om lag ti meter, men uheldigvis for bergensaren gjekk ballen i stolpen.


Kvarteret før slutt fekk heimelaget ein ny, feit sjanse til å redusera. Lars Christian Kjemhus dribla seg forbi tre mann og kom åleine med bortekeeper Arild Østbø, men sisteskansen fekk ei hand på avslutninga. Ballen passerte deretter framfor eit ope bur, men Bendik Bye kom skliande inn litt for tidleg og hamna dermed for langt framme til å avslutta.


Kort tid seinare fekk Bye sjansen til å heada på seks meter etter eit godt innlegg, men valte å gå for ein merkeleg heading på tvers i staden for å gå på mål.


Ny smell

I staden small det på nytt feil veg. Ulrik Fredriksen var uoppmerksom etter at stopparmakker Per-Magnus Steiring vann ein hovudduell, og mista ballen til Rashani djupt inne på eigen halvdel.


Han spelte på direkten til Matthias Vilhjalmsson, som sikkert scora dagens tredje for Rosenborg åleine med Dyngeland.


Dermed tek Sogndal fotballferie med 20 poeng etter 17 serierundar, og kan skli ned på kvalifiseringsplassen i eliteserien viss Strømsgodset, Sandefjord og Kristiansund vinn sine kampar på søndag.


Siste saker Gå til framsida