Kampane til Fjøra og Årdal FK blir sendt på Sogn Avis sine nettsider i årets sesong. (Foto: Endre Romøren)

Sogn Avis sender lokalfotball på nett

Du kan følgja dei lokale laga frå sofakroken i årets sesong.

Publisert 19.04.2017 kl. 13.08. Oppdatert kl. 15.03.

Sogn Avis held fram med å senda lokalfotball "live" i 2017. Me byrja med dette i fjor, og vil i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn gjera dette også i år.


- Me er den redaksjonen i landet som er tettast på Sogndal Fotball i eliteserien, men på same tid er tett oppfølging av lokalfotballen like viktig for oss. Norsk fotball er tufta på breidda, og det er stor interesse rundt mange av dei lokale laga i dekningsområdet vårt. Difor ønskjer me å tilby lesarane våre dette produktet, seier sportsjournalist Endre Romøren.


- Fotball er best på stadion, men for dei som ikkje har høve til å vera der er dette eit fint høve til å likevel få med seg det som skjer i lokalfotballen.


- Mykje spennande i vente

Det betyr at kampane til lag som Fjøra, Kaupanger-damene, Årdal FK og Vik vil bli sendt på våre nettsider bak betalingsmur komande sesong.


- Det er mykje spennande i vente i 2017. Fjøra debuterer i Regionligaen, Kaupanger skal på ny prøva å koma seg opp til 1. divisjon, medan den nye Kretsligaen vil by på mange klassiske oppgjer mellom lag som Årdal FK, Vik, Stryn, Høyang og Tornado Måløy, seier Romøren.


Den første seriekampen me sender er allereie i ettermiddag, når Fjøra serieopnar på heimebane mot Aalesund 2.


Du kan sjå kampane på sognavis.no og lesa Sogn Avis på nettet ein heil månad for 50 kroner. Les meir her.


Siste saker Gå til framsida