NERVER: Håvard Flo legg ikkje skjul på at nervene vil koma under dagens kvalifiseringskamp mot Ranheim. - I dag er det betre å vera spelar, seier den sportslege leiaren. (Foto: Endre Romøren)

Snart blir nedrykksdramaet avgjort: - Det blir nervepirrande

Det er berre nokre timar til Sogndals eksistens på elitenivå skal avgjerast.

Publisert 02.12.2017 kl. 13.42. Oppdatert kl. 13.54.

- Det blir spennande. Me er godt førebudd, og me satsar på at me kjem bra ut av startgropa. Me må finna balansegangen mellom å vera aggressive og tolmodige, seier sportsleg leiar Håvard Flo.


Han møter Sogn Avis ved frukostbordet på Scandic Lerkendal, der Sogndal har base framfor dagens møte med Ranheim. Laget kom til Trondheim torsdag kveld og trente på kamparenaen dagen etter. I dag ser programmet slik ut: frukost, spasertur, kampmat, kampmøte og kamp.


- Må ta sjansar

Sogndal leiar 1-0 etter det første oppgjeret, og vil soleis berga plassen på øvste nivå med uavgjort eller betre i dagens kamp. Også eittmålstap der sogndølene scora vil halda, grunna bortemålsregelen.


- Til lenger kampen varar, til meir sjansar må Ranheim ta. Men dette vil bli meir komfortabelt viss me får eit mål tidleg, seier Flo.


- Ranheim vil nok spela mykje likt som dei gjorde i Sogndal, medan me må bygga vidare på det me gjorde etter pause, og gjera justeringar ut frå det materialet me har gått gjennom frå den kampen.


Støtte frå Hallén

Klubbens sportssjef er kjend for å vera prega av nerver under kamp, dermed vil dagens oppleving bli av den tøffe sorten.


- Det kjem til å bli nervepirrande...


- Men du er roleg og avslappa no, sidan du har ein hyggeleg romkamerat, skyt Yngve Hallén inn frå høgre flanke.


Han har teke turen nordover for å følgja kampen frå tribuneplass, og deler rom med Flo under opphaldet i Trondheim.


- Eg skal sita med Yngve under kampen, så me får ta hand om kvarandre. Men det er klart me vil kjenna på det der me sit og ser på. I dag er det betre å vera spelar, då du er "in the heat" der. Det er stor skilnad på det, seier Flo framfor sesongens siste og avgjerande kamp.


Siste saker Gå til framsida