GLEDE: Gøran Wigum berga uavgjort for Fjøra då han stanga inn 1-1 tre minutt før slutt i dagen heimemøte med Brann 2. (Foto: Endre Romøren)

Slik jubla kapteinen etter å ha berga Fjøra

Gøran Wigum blei helten då Fjøra spelte 1-1 mot Brann 2 på Fosshaugane fredag.

Publisert 19.05.2017 kl. 21.40.

Fjørene styrte mot sitt femte strake tap i 3. divisjon etter at Markus Sinde Fossnes sendte bergensarane i føringa åtte minutt før slutt, men kort tid seinare tok Wigum ansvar.


Kapteinen raga høgast på ein corner, og stanga kontant 1-1 i nettet på bakre stolpe.


- Det er alltid godt å ha ein slik kaptein som står fram. Gøran var kaptein med stor k i dag, seier trenar Håvard Hatle til Sogn Avis etter kampen.


- Dårleg betalt

Brann var nærmast nettkjenning før pause i sola på Fosshaugane, medan Fjøra fekk meir sving på det etter.


Bakary Traore var nære på fleire gonger, mellom anna fekk han ein svær trippelsjanse berre eit par minutt inn i omgangen, før han kort tid seinare sette ballen rett på keeper frå 12 meter. 20 minutt før slutt prøvde Karsten Bjelde seg med eit godt volleyforsøk frå 20 meter, men gjestene sin keeper var med på notane.


- Eg er nøgd med prestasjonen, men tykkjer me får dårleg betalt etter eit par gedigne sjansar i andre omgang. Dei skulle eg ønskt utteljing på. Likevel gjorde dette godt etter ein tung periode med fire strake tap. Karane stod skikkeleg på, og held dei fram slik vil me ta mange poeng framover, seier Hatle til Sogn Avis.


 


Les meir om: Sport Fotball Sogndal

Siste saker Gå til framsida