Toppskårar: Ramona Szabo vart kampens toppskårar med sine åtte mål. Sølvi Skartun Tuftene skåra fire for Sogndal. (Foto: Elin Hæreid)

Sjå toppkampen i opptak

Jotun/Årdalstangen vann toppkampen i den lokale fjerdedivisjonen i handball for kvinner.

Publisert 26.10.2017 kl. 17.00. Oppdatert kl. 09.04.

Toppkampen i Årdalshallen enda med solid heimesiger, 27-19.


Men Sogndal vart ei hard nøtt å knekka for årdølene i toppkampen torsdag kveld. 


Jotun/Årdalstangen gjekk hardt ut frå start og tok leiinga i første angrep, men sogndølene svara umiddelbart. Slik heldt laga fram utover i omgangen, der Sogndal i nokre små minutt var oppe i tremålsleiing, før Jotun kom attende og utlikna. 


Stillinga ved pause var 11-12 til Sogndal, og laga gjekk i garderoben. I 2. omgang gira årdølene opp og vann til slutt kampen med åtte mål. 


Kampen kan du sjå i opptak her:



Les meir om: Sport Handball Sogndal Årdal

Siste saker Gå til framsida