AVGJORDE: Mathias Flo (20) scora sesongens første seriemål i 1-0 sigeren over Aalesund 2 onsdag. (Foto: Endre Romøren)

Sjå korleis Flo sikra tre poeng for Fjøra

Fjøra slo Aalesund 2 i serieopninga i Regionligaen onsdag. Her kan du sjå høgdepunkta frå kampen.

Publisert 20.04.2017 kl. 10.11.

Vinnarmålet kom etter 59 minutt, då Mathias Flo (20) sette ballen i nettet frå kort hald etter fint førearbeid av Kenneth Skjerven på høgresida.


- Det er deilig å starta slik, men det viktigaste er at me får tre poeng og ein god start på sesongen. Første omgang var jamn, men så fekk me det over i vårt spor. Etter 90 minutt fortente me å vinna, og 1-0 er eit greitt resultat, sa Flo til Sogn Avis etter kampen.


Sjå høgdepunkta i videovindauget under.



Les meir om: Sport Fotball Sogndal

Siste saker Gå til framsida