Sjå Hopen fortelja om speleavhengigheit: - Eg har drite meg ut

Ørjan Hopen fortel om fortida si til lagkameratane i Skeid i ny TV-serie.

Publisert 16.10.2017 kl. 12.43.

- Eg har dårleg samvit overfor dei som har stått meg nær og som har gjort det dei kan for å hjelpa meg, og så har seg skuffa både familie og venner - og Sogndal Fotball som hadde trua på meg og gav meg fleire sjansar, seier Ørjan Hopen i TV-serien «Alt for laget» på TV3, som har premierer måndag kveld.


Ørjan Hopen har tidlegare stått fram som speleavhengig, og han har svindal folk med falske billettar til Premier League.


Les òg: Hopen vedgår billettsvindel: - 11-åringen gret utanfor Wembley


Tom Nordlie tok Hopen inn i varmen hos Skeid og gav han ein ny sjanse. Ørjan Hopen fortel om speleproblema, som for alvor starta i 14-15-årsalderen, i det første programmet av TV-serien.


I «Alt for laget» får sjåarane vera fluge på veggen hjå ni idrettslag på ulike nivå, som driv med ulike idrettar.


Eit klipp frå TV3-serien «Alt for laget» kan du sjå øvst i denne saka


Siste saker Gå til framsida