TØFT: Det blei mykje duellar og lite finspel i den første omgangen mellom Sogndal og Ranheim. Sogndal vann til slutt 1-0. (Foto: Håvard Nesbø)

Rindarøy sikra siger for Sogndal i rotete kamp

Sogndal vann 1-0 over Ranheim i den første kvalifiseringskampen til eliteserien.

Publisert 29.11.2017 kl. 17.10. Oppdatert kl. 23.07.

Dei første 45 minuttane i kamp éin av kvalifiseringsspelet om den siste plassen i neste års eliteserie var betre på tribunen enn på bana. 50 000-kroners-konkurransen om å laga best stemning fiksa elektrisk stemning på Fosshaugane, med fleire grupperingar rundt om på anlegget som gjorde sitt for å hjelpa spelarane på bana.


Diverre gav ikkje det resultat før pause. Kampen blei av det kaotiske slaget med mykje duellar og upresise pasningar, der gjestene frå Trondheim var flinkast til å vinna andreballane. Difor var dei lenge det førande laget, utan at dei klarte å gjera det skikkeleg farleg for Mathias Dyngeland.


 


Éin sjanse

Sogndal kom først i gong med spelet sitt då fem minutt stod att av omgangen, og var nære ved å ta leiinga ved Bendik Bye etter 40 minutt: Taijo Teniste kom seg fint rundt på høgresida og slo 45 grader ut i feltet, der stod Bye og avslutta frå åtte meter, men han trefte ikkje godt nok på skotet og bortelaget fekk klarert.


Like etter var ein ball fri inne i boksen etter eit innlegg frå høgre, men ingen fekk avslutta. Omgangen var av den spelemessig svake sorten, og enda mållaust.


Alvorsprat hjelpte

Trenar Eirik Bakke køyrde nok ein alvorsprat med spelarane i pausen, og det gav kjapt resultat. Berre sju minutt inn i andre omgang tok Martin Ramsland med seg ballen på tvers av Ranheim sitt forsvar, og spelte fint i gjennom til Ole Martin Rindarøy.


Frå ti meter var han sikker som banken, og sette ballen kontrollert nede ved lengste stolperot til 1-0.


Enorm Ranheim-sjanse

Ein skulle tru at dette ville setja fyr på Sogndal, men slik gjekk det ikkje. Heimelaget sleit framleis med å få spelet til å sitja, og i staden var det Ranheim som fekk ein enorm sjanse til å utlikna.


Michael Karslen heada eit frispark ned i feltet, og frå seks meter sette Daniel Kvande ballen utanfor på halvspretten. Det meste handla om Ranheim resten av kampen, men eit Sogndal som verka slitent heldt unna, og sikra seg ein liten leiing framfor returoppgjeret komande laurdag.


Siste saker Gå til framsida