HELD FRAM: Christophe Psyché (29) har skrive ny kontrakt med Sogndal, gjeldande ut sesongen 2018.

Årets spelar frå 2016 signerte ny kontrakt med Sogndal

Christophe Psyché (29) blir med vidare, og skal spela for klubben ut 2018-sesongen.

Publisert 20.10.2017 kl. 18.51.

- Eg likar meg veldig godt her i Sogndal, og er glad for at ein ny avtale er i boks, seier spelaren til klubbens nettsider.


Psyché har ikkje vore i aksjon for laget sidan han rauk akillessen i heimemøtet med Lillestrøm i april, men er no endeleg attende i full trening.


- Det har vore tungt å sjå dei andre spela medan eg har hatt to skadeavbrekk etter sesongen i fjor. No er eg i god fysisk form, og eg gler meg til å spela skikkelege fotballkampar, seier 29-åringen.


Årets spelar

Franskmannen kom til Sogndal på korttidskontrakt sommaren 2014, og blei signert på ny vinteren 2015 framfor Eirik Bakke sin debutsesong som trenar.


Psyché byrja som backup bak Hannu Patronen og Bjørn Inge Utvik, men etablerte seg raskt som førsteval, og sesongen etter blei han kåra til årets spelar i Sogn Avis.


- Christophe er ein av dei som har vore med heile tida i min periode som trenar. Han er ein spelar som alltid står på og som blør for drakta, slike typar vil me ha her i Sogndal, seier Bakke om den nysignerte stopparen.


Stoppar-bonanza

Dermed blir det ikkje mangelvare på midtstopparar i Sogndal komande sesong heller.


Kjetil Wæhler takkar truleg for seg, men med Psyché, Even Hovland, Bjørn Inge Utvik, Reiss Greenidge, Per-Magnus Steiring og Ulrik Fredriksen i stallen vil Bakke ha ein innhaldsrik buffét å forsyna seg frå også i 2018.


Siste saker Gå til framsida