RAKNA: Sogndal leia 3-1 over Sarpsborg 08, men rota det til på ny og måtte nøya seg med eitt poeng. (Foto: Endre Romøren)

Rakninga som stinkar nedrykk, Sogndal

Sogndal leia 3-1, men Sarpsborg 08 kom attende til 3-3 på Fosshaugane.

Publisert 22.10.2017 kl. 16.30. Oppdatert kl. 19.52.

Gjestene tok leiinga like etter at kampuret hadde passert fire minutt. Gjestene tok ein kort corner, Ole Jørgen Halvorsen dribla seg såre enkelt fri frå Chidiebere Nwakali og Ole Martin Rindarøy, og slo eit godt innlegg mot bakre stolpe.


Der fekk Krepin Diatta gå opp i mellom Even Hovland og Taijo Teniste, og stanga enkelt 0-1 i nota.


Wæhler tok ansvar

Sogndal brukte litt på å reisa seg etter sjokket, men kvarteret seinare tok Kjetil Wæhler ansvar. Reiss Greenidge skapte kaos inne i boksen på eit innkast, bortekeeper Anders Kristiansen bomma på ballen og blei liggjande å sprella på bakken, slik at Wæhler kontrollert kunne breisida kula inn i det tomme buret.


Seks minutt etter der stod det plutseleg 2-1 på resultattavla. Greenidge fann Gilbert Koomson, han dribla seg fri frå Amin Askar og dunka deretter kontant ballen i nettet ved lengste stolperot frå 17 meter.


Perlescoring

Deretter skjedde det lite ei stund, før Sogndal henta fram ein av årets vakraste scoringar på Fosshaugane.


Martin Ramsland blei spelt opp sentralt i bana, og førte ballen mot eit ryggande Sarpsborg-forsvar. Heimedebutant Ole Martin Rindarøy la ut på 60-metersløp, og fekk servert ein perfekt pasning frå Ramsland.


Åleine med keeper såg han meir ut som ein garva spiss enn ein venstreback, og chippa elegant inn 3-1 bak ein utrustande Kristiansen. Med andre ord; ei kontring fullstendig etter læreboka.


Hovland-bom

Ni minutt etter pause reduserte bortelaget til 3-2, nok ein gong etter dødball. Eit frispark frå 45 meter blei slått inn midt framfor mål, Even Hovland bomma fullstendig i markeringa, slik at Matti Lund Nielsen fekk ein enkel jobb med å stanga ballen i nettet.


Kvarteret før slutt var Gilbert Koomson nære ved å gjera 4-2 då han skaut like utanfor frå 15 meter, men i staden small det andre vegen to minutt før ordinær tid var ute.


Diatta klarte å halda eit litt for langt innlegg i spel, og heada ballen inn att i feltet frå dødlinja. Der var Lund Nielsen på plass igjen, og kjempa ballen i mål til 3-3.


Den lyden som spreidde seg blant publikum då var lyden av berre éin ting: nedrykk.


Siste saker Gå til framsida