TØFFE JENTER: Ragnhild Fagerslett (t.v.) er ny sjef for Fjellsportfestivalen, her saman med arrangementsansvarleg for Bratt Moro, Ina O. Vikøren (t.h). (Foto: Camilla Lerum Bondevik)

Ragnhild tek over stafettpinnen

Ragnhild Fagerslett (28) frå Møre og Romsdal er ny sjef for Fjellsportfestivalen.

Publisert 09.12.2016 kl. 10.02. Oppdatert kl. 10.57.

- Det er eit privilegium å kunne få jobba med eit arrangement som har så mykje å tilby, både til deltakarane av festivalen, men også til våre samarbeidspartnarar, seier Fagerslett.


- Fjellsportfestivalen er ein flott måte å få vist fram bygda og den veksande næringsverksemda i Sogndal på, legg ho til.


Fjord og fjell

28-åringen kjem frå Eresfjord, ei lita fjell- og fjordbygd i Nesset kommune i Møre og Romsdal. Ho er utdanna lektor ved NTNU, men flytta i august til Sogndal med sambuar for å kombinera jobb og friluftsliv. Ho vert no festivalens tredje kvinnelege sjef etter å ha teke over stafettpinnen etter Kari-Anne Kirsebom Strandman. Fagerslett meiner at alt ligg til rette for ein flott festival i Sogndal frå 22. til 26 februar neste år.


Rekord i fjor

- Me er allereie komen langt i planleggingsprosessen fram mot den komande festivalen, kan den ferske festivalsjefen avsløra.


Fjellsportfestivalen er eit arrangement frå Bratt Moro og syner fram bygda sine lokale naturkvalitetar gjennom spennande og utfordrande aktivitetar, tufta på kunnskap om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap.


Festivalen har som mål å inspirera, motivera, utdanna, underhalda, utfordre, samla og engasjera dei som har mykje erfaring med vinterfjellsport, og dei som har lite eller ingen erfaring.


I fjor vart det deltakarrekord med om lag 1.250 selde festivalpass og 200 frivillige.


- Tøff jenta

Ina O. Vikøren, arrangementssjef i Bratt Moro, er veldig nøgd med å ha Fagerslett med på laget.


- Ragnhild er ei tøff jenta med mykje pågangsmot og engasjement. Med hennar lidenskap for ski og vinterfriluftslivet, veit eg at ho kjem til å setja saman eit program som vil fengja kvar og ein.


Gamal oppskrift

Fagerslett har budd i Sogndal i snart eit halvt år, men sjølv om ho ikkje har vore med på å arrangere festivalen før, har ho stor tru på at ho kan bidra med ein frisk pust i festivalteamet.


- Fjellsportfestivalen er eit godt etablert arrangement i Sogndal med mange frivillige som allereie er godt i gang med arbeidet. Påmeldinga for frivillige vart opna allereie 7. desember. Me skal ikkje finna opp hjulet på nytt, men eg kjem inn i festivalen med nye auge og håpar at dette kan bidra til å gjera festivalen endå betre i år.


Nye postar

Ho er likevel klar på at festivalen kjem til å by på mange av dei same opplevingane som føregåande år.


- Me ønskjer å gjera det me allereie har endå betre, seier Fagerslett og legg til at det samstundes er viktig å gje publikum ny opplevingar, som skil årets festival frå tidlegare år.


Ho kan allereie no røpe at programmet har ny postar, både for festivalens tradisjonelle deltakarar og for eit breiare publikum.


Les meir om: Sport Sogndal

Siste saker Gå til framsida