NY EPISODE: Radl om Badl er ute med ny fotballpodkast. Denne gongen er Ivan Øy og Øystein Lindesteg gjester saman med programleiar Endre Romøren og kollega Morten Sortland. (Foto: Håvard Nesbø)

Senka gamle lagkameratar og vart jaga tilbake til Sogndal

Ny Radl om Badl-podkast er ute. Høyr herlege historier frå lokalfotballen i Sogn.

Publisert 21.04.2017 kl. 13.00. Oppdatert kl. 14.46.

Med oss i studio, for anledninga speakerbua på Kvednhushaugen, har me to karar det luftar svidd av. Ivan Øy har spelt for Sogndal, er ei levande legenda i Jotun og har til og med avla fram ein kar som er i A-stallen til Sogndal i dag. No går han inn i sin femte sesong som trenar for Årdal FK. 


Gjest nummer to opererte med eigne reglar på treningsfeltet og er kjend som både domar og bøddel frå si aktive karriere. Han løfta fotballen i Lærdal frå å vera død og gravlagt til å ta seniorlaget opp til nye høgder. No er Øystein Lindesteg Rinde inne i sin tredje sesong som trenar for dei opprykksjagande Kaupanger-damene.


Til helga skal dei begge i aksjon med sine respektive låg når lokalfotballen endeleg blir sparka i gang igjen, og det er sjølvsagt tema i denne episoden.


Høyr meir om trenarane sine tankar rundt seriestarten og ikkje minst kva sportssjef Endre Romøren meiner om starten til Sogndal Fotball.


Radl om Badl-podkastane vil også om kort tid vera tilgjengeleg på iTunes, slik at du som lyttar kan abonnere derfrå om ønskjeleg.



Kom gjerne med tilbakemelding om kva du synest om podkasten, og tips til kva me kan prata om i neste sending.


Høyr også Sogndal-trenar Eirik Bakke fortelja elleville historiar frå profflivet i England, og mykje meir snadder i første episoden av podkasten Radl om Badl.


Siste saker Gå til framsida