NY EPISODE: Programleiarane Morten Sortland og Endre Romøren har med seg Terje Skjeldestad og Håvard Flo som gjester i den fjerde utgåva av Radl om badl.

Fekk tyn av lagkameratane etter sexy-kåring

Ny episode av fotballpodkasten Radl om badl er ute, denne gongen med Håvard Flo og Terje Skjeldestad som gjester.

Publisert 19.05.2017 kl. 13.18. Oppdatert kl. 11.06.

I den fjerde utgåva av Radl om badl får du vita kvifor Rosenborg-legenden Roar Strand berre fekk 25 minutt på bana før han måtte bytast ut i 8-delsfinalen mot Italia i VM 98. Kort fortalt: Håvard Flo skaut han i stykker under oppvarminga.


Same mann lettar også på sløret og snakkar ut om då han vart kåra til årets mest sexy fotballspelar,  kvifor han har mareritt om Harald Aabrekk og ikkje minst, sine vanar om å forvilla seg inn i profesjonelle sykkelritt.


Etter ein tung start på sesongen, står Sogndal no med sju poeng på dei siste tre kampane. Skjeldestad uttalar seg om oppturen, kampen mot Brann på laurdag og kva Sogndal har til felles med Atletico Madrid og Chelsea.


Høyr og abonner i iTunes eller via Soundcloud:



Siste saker Gå til framsida