OPPRYKKSKAMP: Med siger mot BSI laurdag vil Sogndal-damene vera klare for 3. divisjon komande sesong.

På laurdag spelar desse damene for opprykk

Sogndal sine handballdamer spelar om opprykk til 3. divisjon laurdag ettermiddag.

Publisert 21.04.2017 kl. 11.02. Oppdatert kl. 12.06.

Bergenslaget BSI er motstandar i opprykksfinalen, som blir spelt på nøytral grunn i Dale.


- Dette er klubbens viktigaste kamp i år. Å få eit lag høgare opp i divisjonssystemet er viktig både med tanke på utviklinga til spelarane, og for at folk skal koma og sjå på oss, seier trenar Ole Kristian Gjerstad til Sogn Avis.


- Beste laget

Laget hans var suverene i sin avdeling i 4. divisjon i årets sesong, med 17 sigrar av 18 moglege.


Utfordringa i dag blir å vera klare til å spela mot eit lag av eit heilt anna kaliber.


- BSI blir det beste laget me møter i år. Me har sett dei på video, og lagt opp treningane denne veka etter korleis dei spelar. Spelar me slik me kan slår me dei, seier Gjerstad.


Har sett opp buss

 Dei to laga kunne sjølv velja om opprykkskvalifiseringa skulle spelast over éin eller to kampar, og ønskte begge at det skal avgjerast over éin kamp.


Difor blir kampen spelt på nøytral grunn i Dale, slik at begge laga får omtrent lik reiseveg.


- Det er litt gambling å ta det på éin kamp, men me veit at me er gode nok til at dette kan gå bra, seier Gjerstad, og opplyser om at det er sett opp buss frå Sogndal slik at folk kan bli med for å heia laget fram til opprykk.


Les meir om: Sport Handball Sogndal

Siste saker Gå til framsida