KLAR: Gilbert Koomson har signert fireårskontrakt med Brann. (Arkivfoto).

Overgangen stadfesta: Koomson er klar for Brann

Gilbert Koomson (23) blei offisielt klar for Brann fredag kveld.

Publisert 19.01.2018 kl. 21.11. Oppdatert kl. 01.11.

Den ghanesiske kantspelaren har signert fireårskontrakt med bergensarane, og er no på plass i Gran Canaria der dei raudkledde skal gjennom den første av to treningsleirar i vinter.


- Eg er glad for å få sjansen i Bergen og Brann, men det er ikkje lett å reisa frå bygda og kompisane mine her, seier Koomson til Sogndal Fotball sine nettsider.


23-åringen var på lån i klubben i andre halvdel av 2013-sesongen, og returnerte på permanent basis framfor comebacket i eliteserien i 2016.


Han noterte seg for tre mål og heile ti målgjevande denne sesongen, medan det blei sju nettkjenningar og tre målgjevande i 2017.


Mohn-pengar

Klubbane vil ikkje kommentera overgangssummen, dermed er det berre å venta i spenning til årsmøtet på Fosshaugane i 2019, der dette vil koma fram i samband med presentasjonen av årsresultatet for 2018.


Sogn Avis har likevel grunn til å tru at det dreiar seg om ei totalramme på opp mot fire millionar kroner.


Det som er på det reine er at Brann har fått hjelp av Trond Mohn for å finansiera overgangen.


- Me har ingen investeringsmidlar og er avhengige av sal av spelarar eller tilskot frå gode støttespelarar. Me er glade for at Trond Mohn bidreg til å realisera denne overgangen, seier Branns daglege leiar Vibeke Johannesen til Brann.no.


Sogn Avis gjorde fredag kveld forsøk på å få ein kommentar frå den sportslege leiinga i Sogndal Fotball, utan å få respons på dette.


Siste saker Gå til framsida