KOM IKKJE: Peter Orry Larsen skulle ha kome til Sogndal tysdag for å skrive under for klubben, men kom ikkje. No tyder mykje på at han er på veg til Brann. (Foto Wantana Tierney)

Orry Larsen droppar Sogndal

Hadde munnleg avtale med klubben, men no får ikkje Sogndal tak i han.

Publisert 11.01.2017 kl. 17.24. Oppdatert kl. 18.07.

Peter Orry Larsen (27) og Sogndal Fotball hadde ein munnleg avtale om at han skulle koma til Sogndal.


Tysdag skulle Orry Larsen etter planen skriva under. No får verken Sogndal-trenar Eirik Bakke eller sportsleg leiar Håvard Flo tak i midtbanespelaren.


Hadde akseptert

Peter Orry Larsen sin kontrakt med Aalesund gjekk ut etter sesongen i fjor. Sogndal var tidleg på bana og kom med eit kontrakttilbod like før jul. Denne skal, ifølgje Bakke, Orry Larsen ha akseptert.


- Me inngjekk ein muntlig avtale måndag kveld - også på tekstmelding - der han sa ja til å koma til oss. Han skulle koma ned tysdag for å skriva under, men så fekk me melding av rådgjevaren hans om at dei måtte snu på grunn av familiære årsaker. Sidan har me ikkje høyrt noko.


Til Brann

Bakke seier dei har venta og venta utan å høyra noko meir, men no tyder ting på at han vil til Brann i staden.


- Eg har inga god kjensle på dette. Situasjonen har nok endra seg ettersom Brann er komen på bana. Så no kan me gå ut å avkrefta alle rykte om at han er på veg til oss. Peter Orry Larsen blir ikkje Sogndal-spelar! Eg vil berre ha spelarar som har lyst å vera her og som verkeleg vil blø for drakta.


Skuffa

Bakke legg ikkje skjul på at han er skuffa.


- Peter er ein fantastisk god spelar og så er han frå fylket. Eg er mest skuffa over at dei (Orry Larsen og rådgjevaren) ikkje kan gje ei tilbakemelding om at han heller vil spela ein anna stad. Dei har nummeret både til meg og Håvard.


Mykje tid

- For oss er det same, uansett om du heiter Mohammed, Peter eller Ronaldo. Skal du spela for Sogndal, så må du stå fram som ærleg. Me har ingen problem med at han vil til ein anna klubb, men ta ein telefon og sei det då. Me har brukt masse tid på å få denne avtalen i boks, og då fortener me ærlegdom tilbake, då hadde me godteke og respektert det, seier Bakke.


Heller ikkje Sogn Avis lukkast å få kontakt med Peter Orry Larsen på telefon onsdag ettermiddag.