PRISDRYSS: Kristian Fardal Opseth (28) kan bli kåra til årets spelar i 1. divisjon for andre gong denne sesongen under Fotballfesten 2017 i slutten av november. (Foto: Bodø/Glimt)

Opseth kan bli årets spelar i 1. divisjon - igjen

Kan sikra seg prisen for andre gong i årets sesong.

Publisert 14.11.2017 kl. 14.00.

Kristian Fardal Opseth (28) er éin av fire spelarar som er nominert til prisen for årets spelar i 1. divisjon, som skal delast ut under Fotballfesten 2017.


Dette er eit direktesendt prisutdelingsshow for eliteserien og 1. divisjon, som blir arrangert av Discovery Networks Norway i samarbeid med Norges Fotballforbund og Norsk Toppfotball.


Opseth er nominert til prisen saman med lagkamerat i Bodø/Glimt, Martin Bjørnbak, Amahl Pellegrino frå Mjøndalen og Niklas Sandberg frå Ull/Kisa.


Andre gong

Skulle kaupingen vinna vil det bli andre gongen i årets sesong han blir kåra til årets spelar, ettersom han fekk den same prisen av NTB før siste seriekamp mot Strømmen førre helg.


Opseth scora 28 seriemål i årets sesong, og slo dermed den tidlegare rekorden til svenske Daniel Nannskog med éin scoring.


Det er kapteinane i 1. divisjon som stemmer på sin favoritt.


Stjernene dominerer

I eliteserien er det naturleg nok stjernene som dominerer nominasjonslista til årets spelar.


Toppscorar Nicklas Bendtner og Rosenborg-kompis Tore Reginiussen er nominert, det same er Björn Bergmann Sigurdarson frå Molde og Stabæk-spissen Ohi Omuijuanfo.


Siste saker Gå til framsida