KAN DEBUTERA: Chidiebere Nwakali (20, i midten) kan få debuten for Nigeria i dagens treningskamp mot Argentina i Russland. Til venstre sit Arsenal-profilen Alex Iwobi. (Foto: Chidiebere Nwakali/Facebook)

Nwakali kan møta Messi

Chidiebere Nwakali (20) kan debutera for landslaget til Nigeria i dag.

Publisert 14.11.2017 kl. 12.17. Oppdatert kl. 12.22.

Midtbanespelaren kan få debuten for "Super Eagles" i dagens treningskamp mot Lionel Messi og Argentina i Russland


Sogndal-spelaren er med i troppen til dei grønkledde for første gong, der han er i selskap med kjende profilar som John Obi Mikel, Alex Iwobi, Victor Moses og Kelechi Iheanacho.


Kampen blir spelt i Krasnodar i ettermiddag.


Nwakali var ikkje i aksjon då Nigeria vann 3-1 over Algeria i deira siste VM-kvalifiseringskamp fredag. Laget var kvalifisert for meisterskapen i Russland neste sommar alle før kampen.


Siste saker Gå til framsida