PÅ JAKT: Styret i Svein Bakkes minnefond jaktar på den første mottakaren av midlar frå fondet. Frå venstre: Ingvar Stadheim, Rolf Navarsete, Margrethe Svidal, Lasse Opseth og Kåre Jan Mjelleli. (Arkivfoto)

No skal midlane i Svein Bakkes Minnefond delast ut

Minnefondet har passert fire millionar på konto, og har starta jakta på den første mottakaren av desse midlane.

Publisert 09.10.2017 kl. 12.00. Oppdatert kl. 12.05.

Dei har difor sendt ut invitasjon til klubbane i Sogn og Fjordane, der det rette talentet eller prosjektet kan få opp mot 300.000 kroner i årleg støtte. Fristen for å søkja om midlane er 1. november.


- Me håpar at dette på sikt skal bidra til at me finn eit prosjekt eller opplegg som kan bidra til at det blir fleire talent som går inn på dei beste laga i fylket, seier styreleiar i minnefondet, Ingvar Stadheim til Sogn Avis.

OVER FIRE MILLIONAR: Minnefondet til Svein Bakke har passert fire millionar på konto, og skal dela ut opp mot 300.000 av desse seinare i haust. (Arkivfoto)

- I Sveins ånd

I minnefondets statuttar står det at det har som føremål «å fremja utvikling av talent og leiarar innan fotball i Sogn og Fjordane-regionen. Stiftinga kan gje støtte til enkeltpersonar og til organisasjonar og samanslutningar som bidreg til å utvikle talent og leiarar».


Prosjekt og aktivitetar som går over ein periode på to til fire år vil bli prioritert, og fondet ønskjer i tillegg at mottakar bidreg med same beløp.


- Me må forhalda oss til statuttane i fondet, og så er me opptekne av at dette skal vera i Svein si ånd. Me håpar at dette kan bidra med noko som fungerer, slik at me legg att noko etter oss, seier Stadheim, og legg til:


- Me har ikkje så veldig tru på at å dela ut 50000-60000 til eit talent som ikkje veit kva han eller ho skal bruka pengane på, er det som har størst betydning for fotballen i regionen. Me er spent på reaksjonen frå klubbane, og kva dei kan koma opp med.


Lagar «Bakke-hjørna»

I samband med heimekampen mot Sarpsborg 08 22. oktober vil alle som har bidrege til Svein Bakkes minnefond bli invitert med på samling, der status og vidare planar for fondet blir lagt fram.


Det vil og bli informert om eit nytt prosjekt, som har fått arbeidstittelen «Bakke-hjørna».


- Me skal laga til ein møteplass i hjørna attmed Flo-stova på Campus, både inne og ute. Dette er allereie ein stad folk møtes i dag, og me håpar det skal bli ein sosial plass der folk kan møtast i samband med kampar, og elles, for å minnast Svein, seier Stadheim.


Siste saker Gå til framsida