KLAR: Keepertalentet Håvard Hetle (15) er klar for Sogndal. Spelaren har fire kampar for det norske G15-landslaget. (Foto: Elin Hæreid)

No har Sogndal sikra seg dette stortalentet

Hentar lovande keeper frå Sandane.

Publisert 10.08.2018 kl. 09.22. Oppdatert kl. 10.48.

Sogndal har sikra seg keeperen Håvard Hetle (15). Sisteskansen frå Breimsbygda har hatt jamnlege hospiteringsopphald med sogndølene sidan i fjor, og no er overgangen gjort permanent.


15-åringen har vore ein del av stallen til Sandane i årets sesong, der han har fått med seg to seriekampar.


Hetle blir lånt direkte ut til 4. divisjonsklubben Stryn, der han skal spela resten av hausten før han gjer sogndøl av seg på permanent basis.


Spelaren står bokført med fire kampar for det norske G15-landslaget.


Siste saker Gå til framsida