For to år sidan tok Helene Johansen Vikøren gull i NM med høgrehanda. I dag gjorde ho det same med venstre. (Arkivfoto)

No har ho gjort det umoglege mogleg

For to år sidan tok Helene Johansen Vikøren (19) gull i NM med høgrehanda, søndag gjorde ho det igjen - men som linksskyttar.

Publisert 19.03.2017 kl. 18.09. Oppdatert kl. 19.25.

I fjor måtte årdølen stå over NM i luftrifle på grunn av ein komplisert ryggskade. Skaden var så alvorleg at Vikøren fekk to val av legen: å slutta eller eller å byta skytearm. Ho valde det siste og søndag var ho tilbake i det gode selskap.


Det resulterte i eitt nytt NM-gull i juniorklassen.


- Å vinna NM-tittel er stort. Eg har fleire internasjoanle resultat som heng høgt, men dette er den største utfordringa eg har hatt som skyttar nokon sinne. Difor smakar dette gullet veldig godt no. Det er nok det største eg har gjort, seier 19-åringen.


Les også: Vikøren er i ferd med å klara det umoglege


- Ingenting er umogleg

I heile 2016-sesongen var Vikøren plaga med ein skade i ryggen. Akkurat kva som eg gale har ho ikkje fått eintydige svar på, men det blei tidleg klart at ho ikkje kunne halda fram å skyta med høgrearmen. Det var då ideen kom om å byrja å skyta med venstre i staden.


- Eg gjekk over til venstrehanda i september, men blei fortalt at det var umogleg, og at det var ingen andre som hadde gjort dette før. Men eg har funne ut at ingenting er umogleg, det tek berre litt lenger tid, uttalte Vikøren til Sogn Avis i januar.


Til to finalar

Vikøren fekk hjelp av pappa Rune til å byggja opp skytestillinga frå botn av, og det siste halvåret har ho tørrtrena tre dagar i veka heime i leilegheita i Bergen. Tidlegare i vinter gjorde 19-åringen comeback med luftgeværet, og skaut seg til finale begge dagane.


- Skyteforståinga sit. Det eg har trent mest på i det siste er balanse og styrke.


 Søndag opna ho med 408,5 poeng i dei innleiande rundane.


- Det er ikkje like godt som då eg skaut med høgrehanda, men det var godt nok til topp seks og finaleplass, seier ho.


God kjensle i finalen

I finalen kjente ho frå starten av at ho hadde ei god kjensle.


- Me var tre stykk som låg og vippa på dei tre første plassane heile vegen. Mot slutten rykte eg i frå med nokre gode innartiarar, og då klarde ikkje dei andre å ta meg att, seier den ferske NM-vinnaren - som kan visa til deltaking i VM og EM, gull i Nordisk meisterskap og gull NM i luftrifle med høgrehanda, og no gull i NM med venstre.


- Det er heilt sjukt, og eg er skikkeleg stolt.


Også veslesystera hennar, Hanne, gjorde det skarpt på NM i Oslo denne helga. 15-åringen som stiller i ungdomsklassen vart nummer ni i luftrifle, nummer fire i frigevær og nummer fem i luftsprint i klasse U16.


Skarsbø vann gull i luftsprint

Vikøren var ikkje einaste sogning som tok gull i NM denne helga.


Også Vidar Skarsbø Dale (22) kom heim med det edle metallet. Han vart noregsmeister i senior for både menn og kvinner i luftsprint. 


- Det er ei øving der du skal skyta 30 skot på 15 minutt. I normalen skyt me 60 skot på ein time og kvarter, så det er stor skilnad. Det går fort, seier Skarsbø som var litt skuffa etter at han ikkje kom med i finalen i normalen.


- Då var eg litt for passiv og det var ein del skot som small ut. Difor bestemte eg meg at på luftsprinten skulle eg berre smella til med ein gong. Det var fleire med lik poengsum, men eg hadde flest innartiarar, seier den stolte vinnaren.


Les meir om: Sport Skyting Årdal